Sport | 22. aug. 2011

I toppform før toppkamp

Lysekloster og Søre Neset vann 14. runde. Søndag møter dei kvarandre.

I toppform før toppkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. aug. 2011 21:16

Fredag viste Lysekloster musklar igjen, og vann 4-0 (1-0) over Fusa borte på grasbane.

Tidlegare Os-spelar Christian Almeland skåra eitt av dei fire måla, Ole Christian Jørgensen (2) og Kim Krogsethagen dei andre.

Måndag tok Søre Neset nok ein siger då dei slo Eidsvåg 2-0 (1-0) heime.

– Kampen var tett og med mykje duellspel fram til Anders Kinden blei felt og vi fekk straffe. Kjetil Henriksen sette straffen sikkert i mål, seier trenar Morten Øvrebø.

Frå skåringa overtok Søre Neset meir av kampen, men 1-0 sto seg til pause.

Skåra og blei utvist

I 52. minutt, etter ein corner, fekk Torbjørn Hjelle ballen ute på sida. Innlegget gjekk til Kenneth Hufthammer som stanga inn 2-0.

I 70. minutt fekk Hufthammer sitt andre gule for dagen, dermed blei det både marsj i garderoben og karantene i bortekampen mot Lysekloster førstkomande søndag.

Senka skuldrene

Eidsvåg var eit av laga som kjempa mot Søre Neset om 2. plassen, no har Søre Neset skaffa seg ei luke på 5 poeng ned til Solid på 3. plass før søndagens tøffe kamp mot serieleiar Lysekloster.

– Heimekampen vår mot Lysekloster blei ganske jamn, men sjølv om vi berre tapte 1-2 så er det, slik eg ser det, ein bonus om vi tar med oss poeng frå Lysefjorden søndag.

– Lysekloster har styrka seg i sommar og er suveren på topp. Men med sigeren i kveld har vi ikkje press på oss, presset er på heimelaget, som med sine ambisjonar bør slå eit lag som oss, meiner Øvrebø.

Lysekloster - Søre Neset går søndag 28. august klokka 18.00.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.