Idrettsglede på Søfteland
Stor bildeserie: Rekordstor deltaking med maks innsats då STIL arrangerte klubbmeisterskap søndag.
Bildeserie:
Etter at friplassen ved Søfteland skule opna tidlegare i haust har friidrettsmiljøet fått ei oppblomstring. Søndag arrangerte STIL klubbmesterskap for barn i alderen 6 til 14 år.
På programmet sto 60 meter, kule, lengde, høgde og kappgang.
– Det var førti førehandspåmeldte, men det har kome mange etteranmelde, så eg trur vi er over seksti deltakarar no, fortalde primus motor Erling Andersen, medan han noterte resultata i lengdegropa.
Sjølv om det "berre" var eit klubbmeisterskap for dei yngste la ikkje arrangørane noko i mellom, for å få så rette resultat som mogleg var det naturlegvis vindmåla på plass for å kontrollere med-/motvind på både 60 meteren og lengekonkurransen, noko som var med å gje dei mange nye utøvarane ei fin og proff oppleving før premieutdelinga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.