midtsiden

Ikkje berre feiring

Den nye nattklubben i Os, Irish Cat, har fått ein pangstart. Men tilbakemeldingane er ikkje berre positive.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Irish Cat opna med fullt hus fredag 17. desember, dagen etter var det like folksamt.

Første juledag tok kaka, då skal det ha stått nærmare 100 i kø for å koma inn, men også dei andre dagane dei hadde ope i jule- og nyttårshelga var det bra med folk og god stemning.

- Sjølv om 1. nyttårsdag var på ein laurdag hadde vi ikkje rekna med mange gjestar. I Bergen er dette ein roleg dag i utelivsbransjen, i Os blei det full fest denne kvelden òg, seier dagleg leiar Ole Christian Garmann.

Det var tett mellom komplimenta på opningsdagen, og, ifølgje leiinga, resten av jule- og nyttårshelga.

Men ikkje alle tilbakemeldingane har vore positive:
• Begge toaletta er unisex-toalett med urinal som ikkje er skjult for forbipasserande kvinner.
• Gjestar saknar ein plass å henga frå seg jakken.
• Trass i det irske namnet kan ikkje baren by på det kjente irske ølet Guinness.

- Det var ikkje berre effektiv plassutnytting som gjorde at vi bygde unisex-toalett, fortel medeigar Espen Risti.

- Statistikk viser at det er færre tilfelle av vald og narkotikamisbruk på unisextoalett, folk oppfører seg tydelegvis betre når personar av motsett kjønn er i nærleiken, forklarar han.

Skjermar pisserenna
Eigarane har diskutert ulike alternativ for å betra toalettforholda. Å kalla det eine for herre- og det andre for dametoalett ville kravd noko ombygging, då begge toaletta har urinal.

- Vi går nok for å montera ein liten vegg sånn at dei som står ved urinalen er betre skjult.

Får garderobe
Noko av det første Irish Cat-eigarane vil bygga er garderobe.

- Vi ser at behovet for ein trygg plass å henga frå seg jakkane er der, så vi kjem ganske snart til å bygga garderobe inne i sportsavdelinga, fortel Risti.

Mørkare øl - friskare drinkar
«Kor er tappetårna med Guinness og Kilkenny», sprør ein Midtsiden-lesar i epost til redaksjonen. Han skriv at han blei imponert over innreiinga på lokalet, men skuffa då han skulle bestilla øl. At det er Ringnes som importerar dei to irske merka, medan Irish har tappetårn frå Hansa, meiner han ikkje bør vera problem.

- For Irish Cat bør det gå an å ha avtale med begge, mange gjestar ventar nok å få Guinness, trur han.

Garmann fortel at større utval i mørkt øl står på ønskjelista, men vil førebels ikkje lova noko bestemt merke.

«Jeg liker kyoto og en long manhatten, en frisk mojito eller kanskje en fruktig cosmo, men jeg visste bare ved å se på fyren at dette ikke var i hans bartenderfingre» skriv bygdebloggar Veronica Simone Fjeld i sin stemningsrapport frå hennar første besøk på den nye nattklubben.

Ho var skuffa over drinken ho fekk servert. Også her lover Irish-sjefen betring.

- Den første veka vår var ikkje alt på plass, blant anna mangla vi fleire ingrediensar som no har kome i hyllene, seier Ole Christian, som har vore barsjef på SIN i Bergen i fem år, og i framtida truleg kan servera Veronica noko ho liker.

Satsar LIVE, også i lågsesongen
Brå brakstart i desember går nattklubbane i Os, som andre plassar, no inn i det som plar vera dei rolegaste månadane i året.

Likevel starta Irish Cat året med å halda løftet sitt om LIVE-musikk kvar fredag og laurdag, i dobbel dose.

Fredag som var spelte Tore Grimstad første økt, Anders Rein den andre. Laurdag blei Marius Moldøen etterfølgt av Turbostipend-vokalisten PV Staff.

- Det var OK med folk og veldig god stemning, spesielt då PV Staff avrunda laurdagen.

Ole Christian reknar med at dei kjem til å halda fram med LIVE-musikk, også desse helgene i januar og februar.

Fleire saker