– Ikkje utsett for noko kriminelt
Mannen som blei funnen blodig i Os i går har forklart seg.
Onsdag morgon fekk politiet melding om funn av blodpøl ved inngangsdøra til rådhuset. Mens dei gjorde undersøkingar i forsøk på å finna ut kva som hadde skjedd, kom ei oppringing til nødsentralen frå ein mann som ikkje klarte å gjera reie for seg.
Digitale spor leia politiet til Finnebrekka, der dei etter søk såg mannen gjennom vindauget på eit bygg som står midlertidig tomt.
Mannen, som er i 40-åra, blei henta med ambulanse. Han var bevisst, men gav ikkje politiet noko svar på kva som hadde skjedd før onsdag kveld.
– Hadde ramla
Onsdag kveld var mannen framleis svekka etter alt blodtapet, men vaken og i stand til å forklara seg.
– Han forklarte at han hadde ramla, og at ingen andre var involvert, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet finn ingen grunn til ikkje å festa lit til forklaringa.
– Vi ser på innbrotet som bruk av nødrett. Vedkomande skal naturlegvis erstatta skadene han påførte eigedomen, men frå vår side blir saka avslutta.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.