Samferdsle | 23. des. 2024
Ingen ferjer frå Hatvik før klokka 10.25
Beredskapstur i natt har ført til innstilte morgonruter.
Marie Ingeborg Krokamåndag 23. des. 2024 09:22
Dei som skulle ta ferja mellom Hatvik og Venjaneset på morgonen i dag, lille julaftan, fekk lenge å venta.
Kl. 04.03 i natt la Fjord1, på vegner av Skyss ut følgande melding:
«Rute 461020 Hatvik - Venjaneset: På grunn av utført beredskapstur blir første tur i sambandet mandag 23.12 kl 10:25 frå Hatvik.»
Dermed er det framleis vel ein time å venta før sambandet er tilbake i drift.