Kultur | 18. nov. 2009

Ingen by i år

I fjor fekk Os eigen peparkakeby for første gong. I år blir det fakkeltog og juleutstilling, men ingen by.

Ingen by i år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. nov. 2009 11:53

Bildeserie:

1 av 4

Os Sentrumsforening og Os Turn var saman om å organisera peparkakeby i Visningssenteret i 2008. Barnehagar leverte flotte peparkakehus, dei fleste kopi av kjente bygningar i Os sentrum, som Os Rådhus, Fjellheim og Vognhallen. Ordførar Terje Søviknes rakk ikkje opninga med sitt hus, men i god tid før jul leverte han peparversjonen av Oseana til utstillinga.

Kva med jula i år? Blir peparkakebyen ein tradisjon i Os, slik som i Bergen?

- Det som var mest vellukka i fjor var opningsdagen og den første helga. Å ha ope om lag kvar dag fram til jul kravde mykje dugnadsinnsats, seier Robert Nøss på vegne av Os Turn Fotball.

Å organisera peparkakeby med for eksempel ope i helgene kan bli aktuelt til neste år, men i år har det ikkje blitt førebudd noko by. I staden kan det koma kafé med juleverkstad for born.

- Det var snakk om at Os Turn skulle ha ein kafé med juleverkstad same dag som fakketog og opning av julegatene på Osøyro, men dette er ei travel tid for kunstnarane i Visningssenteret, så det blir ingen verkstad denne dagen.

Torsdag 26. november opnar juleutstilling med rundt 30 kunstnarar i Visningssenteret.

- Men det kan godt henda at vi får til noko slikt nærmare jul, seier leiar i Os Sentrumsforening, Renate Iversen Sundberg.

Fredag 27. november, to dagar før første sundag i advent, skal julegrana tennast og julegatene i Os sentrum opna. Då blir det også fakkeltog.

- Fakkeltoget var veldig populært i fjor, trass i regnvêret. Vi startar toget ved Visningssenteret også i år, og har 200 faklar å låna ut. Er det to personar per fakkel så har vi plass til mange.

Toget skal gå over brua via Telthusplassen til Torget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.