Lokal | 26. apr. 2019

Ingen konkret trugsel - men væpnar politiet 17. mai

Politidirektoratet vil ha væpna politi over heile landet under markeringa av grunnlovsdagen.

Ingen konkret trugsel - men væpnar politiet 17. mai
Fronten på 17. maitoget i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. apr. 2019 12:26

«Ikkje er han politikar og ikkje bar han flagg. Mannen som gjekk saman med flaggborga 17. mai hadde likevel ei svært viktig rolle» skreiv vi i 2015.

• Les òg: Kva gjorde denne mannen i fronten av toget?

Trugselbildet i Noreg i 2015 førte til vedtak om væpna politi, eit vedtak som skapte protestar enkelte andre stadar i Noreg. Ifølgje BT.no var det tre lensmenn i Buskerud som ville boikotta toget om dei måtte gå med våpen.

I dag blei det kjent at Politidirektoratethar bestemt at «innsatspersonell som jobber i tilknytning til barnetogene vil være bevæpnet». Slik var det i fjor òg, men nytt i år er at denne praksisen blir gjennomført over heile landet.

– Vi jobbar med å legga til rette for ei trygg og fin feiring, og vurderer betydninga av hurtigheit i responsen frå politiet som avgjerande for å sikra best mogleg beredskap på 17. mai, seier politidirektør Benedicte Bjørnland til politiet.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.