Lokal | 20. mai 2015

Kva gjorde denne mannen i fronten av toget?

Ikkje er han politikar og ikkje bar han flagg. Mannen som gjekk saman med flaggborga 17. mai hadde likevel ei svært viktig rolle.

Kva gjorde denne mannen i fronten av toget?
Bak dei tre i front gjekk politibetjent Johnsrud, ikkje for å bera flagg, men som sikring for Hadler-Olsen, som ikkje hadde våpen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2015 07:16

I front av årets hovudprosesjon i Os gjekk som vanleg ordførar Terje Søviknes, i år saman med Eirik Walle (midten) frå 17. maikomiteen og politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mellom dei tre i front og flaggborga gjekk ein kar utan både uniform og flagg. Han hadde likevel ei viktig rolle.

– Paradeuniformen skal berast utan våpen. Samtidig har vi vedtaket om væpna politi, dermed blei løysinga å ha ei sikring. Slik blei det også gjort andre stadar, opplyser lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Ei god løysing

Politibetjent Johnsrud var festkledd i sivil, men gjekk væpna som sikring for politioverbetjenten.

Saka om våpen i 17. maitoget har skapt protestar enkelte andre stadar i Noreg. Ifølgje BT.no var det tre lensmenn i Buskerud som ville boikotta toget om dei måtte gå med våpen.

– Når vedtaket om væpning er der, etter trugselvurderinga frå PST, synest eg dette var ein grei måte å gjera det på, seier Dyral.

– Dyrdal tok dette kravet opp med meg, og det var kjekt at han spurde korleis vi skulle gjera dette på best mogleg måte, seier leiar for 17. maikomiteen, Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga.

– Vi diskuterte saka med ordførar og kultursjef og det var ingen usemje om dette. Det er ei trist erkjenning at vi må ha væpna politi i toget, men å velja å ha han som ein skygge synest eg var ei god løysing.

Det gjeldande vedtaket om midlertidig væpna politi står til 7. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.