Næringsliv | 27. des. 2010

Ingen ved-krise i Os

I slutten av november såg det mørkt (og kaldt) ut, no fortel fleire forhandlarar om god tilgang på ved.

Ingen ved-krise i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. des. 2010 14:12

I slutten av november var vedhyllene tomme hos fleire av vedutsala i Os. Forhandlarane fortalte dessutan at dei var usikre på tilgang på meir ved.

Den siste månaden har ikkje behovet for oppvarming vore mindre, likevel fortel fleire at dei no både har ved på lager og at dei ventar inn meir.

- Vi har cirka tre paller igjen, i morgon får vi ein bil med påfyll, fortel Jahn Ingolf Lyssand hos Meny i Industrivegen.

- Vi har stort sett hatt ved heile tida, men ei stund fekk vi i så små parti at det fort blei utselt, og for enkelte kanskje såg ut som om vi var tom i ein samanhengande lang periode, legg han til.

Ut februar
Hos Byggern har dei også ved igjen, 25 sekkar i skrivande stund, og nytt lass på veg tysdag eller onsdag.

Medan Meny får ved frå Litauen sel Byggern ved frå lokal produsent. I slutten av november sa Helge Bøe at han truleg var tom ved årsskiftet, no skal Byggern ha fått beskjed om at dei truleg får nok ved til ut februar.

- Veden vi selte tidlegare i vinter var veldig tørr og fin. Vi hadde ein kunde som hadde med utstyr til å måla fuktinnhaldet, og fann ut at det låg på mellom 8 og 14 prosent, fortel Janne Koldal hos Byggern.

Fuktinnhaldet bør ligga på under 20 prosent for at veden skal reknast som tørr.

- I partiet vi har inne no ligg fuktinnhaldet på pluss-minus 20 prosent, mykje av det er godt nok, noko bør tørka litt før bruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.