Politi | 10. feb. 2023

Innbrot i garasje og funn av stolen moped

Politiet har også fått melding om funn av fleire brev.

Innbrot i garasje og funn av stolen moped
Politiet fekk melding om funn av moped under ein presenning på AMFI Os i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. feb. 2023 09:02

Søndag kveld blei ein moped stolen frå eit nabolag nær AMFI Os. Tjuveriet blei filma, men ikkje oppklart med det same.

Torsdag morgon, litt før klokka 08, fekk politiet melding om at ein moped var funnen under ein presenning på AMFI Os sitt område.

– Det viste seg at det var den stolne mopeden, og at den heldigvis ikkje såg ut til å vera skadd, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Torsdag formiddag klokka 09.40 fekk politiet melding om innbrot i ein garasje på ei privat adresse i Varåsen.

Politiet har vore på staden for åstadundersøking, og har oppretta sak.

Dette er dagen etter at politiet fekk melding om innbrotsforsøk i eit hus.

I 11.30-tida torsdag fekk politiet melding om funn av fleire brev.

Posten var funnen på bakken ved ei adresse i Byvegen.

– Patruljen køyrde til staden og har fått tak i eigar av posten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.