Politi | 06. feb. 2023

Mopedtjuveri blei filma

Trafikkontroll i Hegglandsdalen og tjuveri frå nabolag nær Amfi.

Mopedtjuveri blei filma
Tjuveriet av mopeden skjedde på ei privat adresse nær Amfisenteret. (Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. feb. 2023 09:00

Søndag i 19.20-tida fekk politiet melding om tjuveri av ein moped.

Mopeden sto på ei adresse i nærleiken av AMFI Os, og tjuveriet blei filma.

– Vi har mottatt videoen og oppretta sak, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Mopeden er framleis ikkje funnen. Den er kvit og av merket Sonik (2011-modell).

Politiet er interessert i tips.

Søndag morgon i 08.tida hadde politiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.

35 køyretøy blei kontrollert.

– Ein av dei, ein mann på rundt 50 år, blei sendt heim igjen med pålegg om å skifta frå sommardekk til vinterdekk, opplyser Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.