Politi | 17. des. 2025

Innbrotsbølge: Politiet ber publikum om hjelp

Fleire tjuveri og innbrot i Os er under etterforskning.

Innbrotsbølge: Politiet ber publikum om hjelp
Politiet går ut med melding i samband med dagens tjuveri. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 17. des. 2025 15:24

Politiet har gjennom dagen jobba med fleire tjuveri og innbrot i Os sentrum.

Først kom meldinga om innbrot på Capri restaurant, deretter i Landboden. Vidare fekk politiet melding om tjuveri frå gullsmeden i Os sentrum, nokre jakker som er stolne frå helsestasjonen, lyktetjuveri både på Skaatun bilverkstad og i Endelausmarka, samt eit tjuveri på ei privat adresse.

Totalt er det per no registrert sju saker.

– Vi har mykje bevis

Politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal fortel at politiet no arbeider med å samle trådane i dei mange hendingane.

– Slik vi ser det no, er det ikkje noko felles modus i alle sakene. Det er ulike typar innbrot og tjuveri, og det varierer kva som er stole frå dei ulike stadene, seier Dyrdal.

Han understrekar at det ikkje er snakk om store verdiar, men at hendingane likevel er alvorlege for dei som er råka.

– Det er alvorleg nok for den som blir utsett for dette, sjølv om det ikkje er store verdiar som er tatt, seier han.

Politiet sit allereie på fleire spor.

– Vi har mykje bevis å jobbe med, både videomateriale og vitneobservasjonar. Samstundes har vi ikkje fått inn alt endå, og arbeidet med å samle tekniske spor held fram, forklarar Dyrdal.

Fleire gjerningspersonar

Ifølgje politistasjonssjefen er det ikkje sikkert at alle hendingane kan knytast til éin og same gjerningsperson.

– Det kan like gjerne vere fleire gjerningspersonar. Det er grunn til å tru at fleire kan ha stått bak ulike ugjerningar på forskjellige åstadar, seier han.

På spørsmål om politiet er på sporet av mistenkte, svarar Dyrdal stadfestande.

– Ja, vi er for så vidt det. Vi har nokre namn å gå etter, og vi har fått inn tips som vi trur kan føre oss vidare i etterforskinga.

Politiet ber no publikum om hjelp

– Vi ønskjer tips frå folk som har sett noko mistenkjeleg, eller som har overvaking i nærleiken av stadene der tjuveria har skjedd. Har de opptak, ber vi dykk lagre dei og sende dei til oss. Det er slik vi kan jobbe saman, seier Dyrdal.

Han peikar på at politiet har sett ei uroande utvikling den siste tida.

– Dette er ei bølge vi ikkje har vore vane med før den siste månaden, både her og i Bergen. Det er ei auke i hendingar vi normalt har hatt lite av, men no ser vi ei klar bølge, seier han.

Politiet oppmodar samtidig innbyggjarane til å sikre eigedelane sine og passe på naboane.

– Vi må samarbeide for å få slutt på denne bølga. Innbyggjarane våre skal få vere trygge, seier Dyrdal.

Tips kan meldast til politiet på telefon 02800 eller via e-post.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.