Innbytar Pedersen snudde kampen på to minutt
Opprykkstoget gjekk i går, men Lysekloster held fram med å visa vinnarvilje.
Bildeserie:
Lysekloster snudde i dag 0-2 til 3-2-siger heime mot Brann 2.
Martin Pedersen, som blei skifta innpå etter pause, la opp til 1-2-målet og skåra sjølv dei to neste.
Lysekloster - Brann 2 3-2 (0-2)
Målskårarar, Lysekloster: Martin Pedersen 2 og Simen August Næss
I vår blei det 1-1 mellom Brann 2 og Lysekloster, i dag gjekk gjestane opp i 0-1 i 16. minutt og auka til 0-2 i 37. minutt.
Ruben Hetlevik gjorde berre eitt bytte i dag, Martin Pedersen inn for Eskild Båsen i pausen, og det blei eit avgjerande byte.
Éin assist og to mål
I opningsminuttet på 2. omgang storma Pedersen fram på høgre ving. Han kunne ha avslutta sjølv, men sendte ballen til motsett side. Der kom toppskårar Næss springande, fekk ballen på favorittfoten, og reduserte til 1-2, hans mål nummer 30 (!) for sesongen.
Minuttet etterpå heada Pedersen inn 2-2, og Lysekloster tok over. Brann 2 hadde éin sjanse etter pause, eit skot på første stolpe frå skrå vinkel, men den hadde Raniowski god kontroll på.
Men spelemessig overtak var ikkje nok for Lysekloster, det tok over ein halvtime før neste store sjanse kom. «Goal!» ropte Næss i det han såg at skotet hans blei redda, men at Brann 2-keeper Markus Pettersen gav retur. Bak keeper sto nemleg Pedersen på blankt mål, og putta den ufrivillige pasningen lett i mål i 82. minutt.
1 poeng frå 2. plass
Serieleiar Vard Haugesund slo Strømsgodset 2 4-0 i går, og låg 10 poeng framfor Lysekloster før dagens siger.
Djerv 1919 spelte uavgjort med Fyllingsdalen og ligg no berre eitt poeng framfor Lysekloster, mens Fyllingsdalen er 3 poeng bak.
To rundar står igjen. Lysekloster speler borte mot Strømsgodset 2 før dei tar imot Os til ei serieavslutting som denne sesongen ikkje har noko å seia for nokre av laga. Anna enn ære.
• Terminliste og tabell på fotball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.