Lokal | 13. mars 2020

Innfører grense under gravferd: – Håper vi slepp å avvisa folk i kyrkjedøra

Kyrkja avlyser alle aktivitetar utanom gravferd, men set ei grense på kor mange som får vera med og ta eit siste farvel.

Innfører grense under gravferd: – Håper vi slepp å avvisa folk i kyrkjedøra
Os kyrkje. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mars 2020 11:18

I samband med tiltak for å redusera spreiing av koronaviruset har Os kyrkjelyd sagt stopp for all aktivitet, også gudstenester.

– Aktivitetar og gudstenester blir avlyste frå og med torsdag 12. mars til og med 26. mars. Ny vurdering vert gjort då. Det vert gjort fortløpande vurderingar om korleis vigsel og dåp kan gjennomførast, skriv kyrkjelyden på sine heimesider.

Konfirmasjonane kan bli utsette til over sommaren

Os følgjer med på regjeringa og Bjørgvin bispedømme sine tilrådingar.

Dei seier dette om dåp, vigsle og konfirmasjon:

Dåp: Dåp kan gjennomførast dersom det særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vere eit alternativ.

Vigsler: Vigsler (bryllup) kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsel kan vere eit alternativ.

Konfirmasjonsgudstenestene: Mange lurer på om det vil bli konfirmasjonsgudstenester som planlagt i vår. Det er mogeleg at desse gudstenestene kan bli utsett, kanskje heilt til etter sommaren. Men dette vil biskopen ta stilling til seinare.

Maks 50 i kyrkja under gravferd

Gravferd er einaste seremoni som blir gjennomført, men desse blir med visse avgrensingar.

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med nærmaste pårørande til stades, maks femi personar. Unnatak må godkjennast i samråd med kommunelegen.

– Eg held på å organisera gravferd for nær slekt i neste veke, og hadde møte med prest seinast i går. Denne begrensinga fekk eg veta om i dag, seier ein osing som har kontakta Midtsiden-redaksjonen.

Planlagt minnestund etter gravferda har han avlyst.

– Det er nok å tenkja på i dagar som desse, men eg får håpa folk får det med seg. Det ville vore tungt for begge partar å avvisa folk i kyrkjedøra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.