Korona | 14. aug. 2021

Innfører gult nivå på tre vidaregåande skular

– Vi treng å få oversikt over situasjonen.

Innfører gult nivå på tre vidaregåande skular
Ordførar Trine Lindborg (Ap). (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. aug. 2021 10:19

To ungdomsfestar i Bjørnafjorden kommune sist fredag har så langt ført til 16 smittetilfelle.

Samtidig ventar kommunen svar på 180 testar, 88 som blei tatt fredag og rundt 90 som det er bestilt time til i dag.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les òg12 nye smittetilfelle - ventar svar på 180 testar til

Eit høgt og uklart tal på nærkontaktar til dei smitta gjer smittesporingsarbeidet utfordrande, opplyser Bjørnafjorden kommune, og set vidaregåande skule til gult nivå før skulestart måndag og tysdag.

– KKL ((kommunal kriseleiing) har vore samla fredag kveld for å diskutere og iverksetje tiltak. Vi har òg hatt møte med Statsforvaltaren og representant for fylkeskommunen, seier ordførar Trine Lindborg.

– For å få ro og oversikt over situasjonen, har Bjørnafjorden kommune, i samråd med skuleeigar Vestland fylkeskommune, vedtatt å innføra gult smittevernnivå på tre vidaregåande skular i kommunen vår:

Os gymnas, Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule, frå måndag 16. august, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Dette seier trafikklysmodellen om gult nivå på vidaregåande skule inkluderer:

  • Ingen syke skal møte på skolen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
  • Hele skoleklasser kan ha undervisning sammen
  • Elever bør ha faste plasser i hvert klasserom eller faste samarbeidspartnere/-grupper
  • Ansatte kan veksle mellom klasser, men bør holde avstand til elever så langt det er mulig
  • Utenfor klasserommet oppfordres elever og ansatte til å holde 1 meters avstand i alle situasjoner
  • Unngå trengsel og store samlinger

Kjelde: Udir - Trafikklysmodellen

Søndagsopen teststasjon

– I tillegg har vi auka smittesporingskapasiteten, slik at vi raskare kan nå ut til nærkontaktar.

– Teststasjonen på Os-sida vil vera open i morgon, søndag 15. august, slik at endå fleire kan teste seg før skulestart, seier Lindborg.

Den siste tida har den vore open fem dagar i veka, stengt onsdag og søndag.

Ny regel gir meir testing og mindre karantene

Frå 16. august innfører regjeringa ein nasjonal regel om at barn og unge under 18 år ikkje må i smittekarantene, med unntak av om dei er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til nokon som er smitta.

Dette betyr til dømes at dersom ein elev får påvist smitte, må dei andre elevane i klassen testast hyppig over fleire dagar, men dei må ikkje lenger i 10-dagars smittekarantene.

– Dei vidaregåande skulane vil stå for testinga av eigne elevar, i tett samarbeid med kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, seier ordførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.