Politi | 12. juli 2023

Innhenta lastebil etter uhell på Moberg

Rygga på ein annan bil før han køyrde vidare.

Innhenta lastebil etter uhell på Moberg
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. juli 2023 09:49

Tysdag i 10.30-tida fekk politiet melding om eit uhell på Moberg.

– Ein lastebil hadde rygga på ein personbil, men køyrde frå staden, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

– Patruljen innhenta lastebilen i Os sentrum. Partane fekk kontakt og fylte ut skademeldingsskjema.

Ingen blei skadd. Det er uvisst om lastebilsjåfør har merka at han var borti noko, men politiet har ikkje oppretta sak.

Tysdag ettermiddag rykte politiet ut til ei adresse på Søfteland grunna klage på høg musikk frå nabo. Det kom ikkje fleire klagar frå adressa.

I 01.40-tida i natt fekk politiet melding om steinar og mykje vatn i vegbanen mellom Ulven leir og Lysefjorden.

– Vegtrafikksentralen blei varsla for å undersøka og følgja opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.