Politi | 11. juli 2023

Vaken på Søfteland - sovande på Esso

Politiet fortel om to oppdrag måndag.

Vaken på Søfteland - sovande på Esso
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. juli 2023 09:25

Måndag fekk politiet klage på høg musikk i eit nabolag på Søfteland.

Det er uvisst om det uroa søvnen til nokon, då klagen kom i 13.30-tida, men det skal ha vore eit gjentakande problem på adressa.

Politiet gjorde fleire forsøk på å få kontakt med eigar av huset der den høge musikken kom frå, men utan å lykkast.

I 19-tida måndag fekk politiet melding om ein mann som låg og søv utanfor Esso i Os sentrum.

Politiet gav oppdraget vidare til helsevesenet. Dei hadde ikkje ledig ambulanse med det same, men skulle senda ein bil så snart dei kunne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.