Innspurten til Osfest har starta
Festivalområdet byrjar å ta form.
Osfest nærmar seg med stormskritt. Måndag blei den 36 meter breie scena kor Dumdum Boys, Big Bang, Orbo og fleire andre kjende artistar skal få boltra seg på, satt opp.
- Det går uforskamma bra, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.
Knirkefri start
Sjølv om dei har eit par dagar på seg til å få festivalområdet ferdig, byrjar området allereie å ta form. Scena er på veg opp, og inngjerding av området er dei òg godt i gang med.
- Skulle tru vi hadde gjort dette før, ler Hylland som ser seg nøgd med dagens innsats.
Når fredag kjem og festen blir satt i gang, vil ikkje den gamle grusbanen vera til å kjenna igjen.
På området skal dei få opp telt til mat og drikkeservering, sal av T-skjorter, bord og benkar skal bli plassert på graset.
Og stemningslys skal hengast opp i trea.
- Det kjem til å bli så fint her, fortel Hylland.
Føler seg trygg
For å få til ein så stor festival må det mykje planlegging til.
Festivalsjefane Ole Reinert Berg Olsen og Tor Egil Hylland har brukt god tid på å planlegga alt ned til minste detalj for å gjera Osfest til ein suksess.
- Det er første gong vi gjer noko som dette her, så vi har ingen fasit. Men vi føler oss trygg på å koma i mål, fortel Hylland.
God planlegging er alltid viktig, men Hylland påpeikar at det ikkje hadde blitt nokon festival utan dei frivillige.