Meining | 04. sep. 2022

Internasjonale kapitalkrefter styrer straumprisen vår

Noreg treng politikarar som har mot nok til å ta tilbake kontrollen over naturressursane våre.

Internasjonale kapitalkrefter styrer straumprisen vår
Magne Djuvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. sep. 2022 07:30

Lesarinnlegg:

Nord Pool har ansvar for den norske straum-marknaden. Det er eit AS som vart etablert i 1993. Bakgrunnen var ny energilov. Den gangen var selskapet eigd av den norske stat.

I 1906 vedtok Stortinget den første konsesjonslova, ei lov som sterkt regulerte retten til oppkjøp av vassdrag i Norge. Formålet var å stansa store internasjonale selskap i å kjøpa opp og kontrollera norsk vasskraft og andre natur-ressursar.

I ettertid har staten i samarbeid med norske private selskap forvalta desse ressursane til beste for folk og næringsliv.

Politikarane på Stortinget i vårt århundre har selt Nord Pool til store internasjonale selskap. På denne måten har dei gjeve kontrollen over norsk vasskraft til internasjonale kapitalkrefter.

Når fortalde dagens politikarar at dei vil/har seld det norske folk sitt arvesølv? Når fortalde media at politikarane har seld arvesølvet vårt?

Teksten nedanfor er henta frå Nord Pool si heimeside.

«Som følge av energiloven av 1990 ble børsfunksjonen utvidet til å omfatte kraftdistributører, industribedrifter, meglere og tradere. Fra 1996 ble børsområdet utvidet til å omfatte også Sverige med det svenske sentralnettselskapet Svenska Kraftnät som medeier (50 prosent). Selskapet byttet da navn til Nord Pool. Det er et nøytralt organ som gir mulighet for krafthandel basert på tilbud og etterspørsel gjennom offentlig kjente prissignal.
De danske og finske sentralnettselskapene Energinet og Fingrid kom inn som eiere i 2002, og børsområdet ble tilsvarende utvidet. I 2012 ble det inngått avtale med de baltiske sentralnettselskapene Elering (Estland), Augstsprieguma Tīkls (Latvia) and Litgrid (Litauen) om utvidelse av børsområdet og inntreden som aksjonær.
Euronext kjøpte i desember 2019 en 66 prosent eierandel i Nord Pool»

Norge treng politikarar både lokalt og nasjonalt som har mot nok til å ta tilbake kontrollen over norske natur-ressursar.

Johannes Kleppevik framførte for mange år sidan ei vise der det mellom anna heiter: «Prisen er litt høg, men takk som byr».

Ja, han hadde rett, Kleppeviken, prisen blei litt høg.

Magne Djuvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.