Sport | 26. aug. 2022

Ny runde med straumstøtte til frivillige lag!

Lag og organisasjonar med snittpris på over 70 øre kan søkja.

Ny runde med straumstøtte til frivillige lag!
Søre Neset il fekk nye banelys i fjor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. aug. 2022 08:44

På same måte som for første kvartal, kan frivillige lag og organisasjonar igjen søkje om tilskot til utgifter som følgje av dei ekstraordinære straumprisane.

Straumstøtta er ei statleg tilskotsordning, og vilkåra for støtte er fastsette av staten. Bjørnafjorden kommune behandlar søknadane og står for utbetalinga.

Ei viktig endring gjeld straumforbruk knytt til utføring av offentleg lovpålagde oppgåver på oppdrag frå stat, fylkeskommune eller kommune.
Ideelle organisasjonar som driv barnehagar, barnevern, skular, omsorgsbustader og anna helsetilbod får ikkje lengre straumtilskot gjennom denne ordninga.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden.

Søknadsfrist er onsdag 7. september klokka 13.

Støtta er rekna ut basert på dokumentert straumforbruk. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen i den aktuelle perioden.

Tilskota vil bli utbetalte så raskt som råd etter at søknadane er behandla og vedtak er gjort.

Du kan lesa meir om ordninga på kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.