Kultur | 10. okt. 2010

Intimt på Peppes

Haustblues: Intim klubbstemning med høg dansefaktor prega Peppes laurdag kveld.

Intimt på Peppes
Andris Hamresøndag 10. okt. 2010 11:29

Osøren Blues & Jazzfestival har i haust gått saman med Peppes i å arrangere det dei kallar Haustblues.

SJÅ VIDEO FRÅ KONSERTEN NEDST I ARTIKKELEN.

Laurdag var dei komen til "Yngve & His Boogie Legs" på programmet, eit jump-bluesband av fire 20-åringar frå Voss. Og dei unge vossingane fekk stemninga i taket med musikk av mellom anna B.B. King og Vidar Busk.

- Det er første gongen vi spelar i Os, men det er jo eit utruleg kult lokale å spela i då, sa vokalist Bjørnar E. Brandseth før dei gjekk på scenen.

Og kult blei det. Gutane spelte og folk svinga seg på den golvplassen dei fann. At dei fire var i finalen under "Blues-NM" på Notodden Bluesfestival tidlegare i sommar er ikkje vanskeleg å forstå.

Vil skapa liv i Os
Dette var den andre av tre konsertar på Peppes i haust. 27. november kjem Papaslide Band.

Fredrik på Peppes fortel at dei sa ja til forespurnaden om å væra med på prosjektet for å få litt liv i bygda.

- Det skjer jo ikkje så forferdelig mykje i helgene på Os så det å stenga Peppes for vanleg drift og i staden arrangera konsert er vårt bidrag til å skapa litt meir liv i bygda, seier Fredrik.

Om lag 80 tok turen på konserten laurdag. Førre gong var det rundt 130 innanfor dørene før Peppes sa stopp.

Blir avslutta i Fjellheim
Konsertrekkja til Osøren Jazz og Bluesfestival blir avslutta med romjulsblues, ikkje på Peppes, men i Fjellheim 30. desember.

Peppes er bak «spakane» i baren når Vetrhus Bluesband går på scenen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.