Lokal | 06. juli 2018

Inviterer til kommunevåpen-konkurranse

Bjørnafjorden kommune skal ha nytt kommunevåpen. No inviterer dei profesjonelle formgjevarar til å prekvaifisera seg for å utforma det nye kommunevåpenet.

Inviterer til kommunevåpen-konkurranse
Mange flotte bidrag kom inn då 6. klassingane i Os og Fusa teikna sine forslag til nytt kommunevåpen. No er det dei profesjonelle formgjevarane sin tur (foto: KVB)
Andris Hamrefredag 06. juli 2018 09:30

I fellesnemnda før ferien beslutta politikarane at symbolet i kommunevåpenet skal vera Oselvarbåten.

– Oselvaren er eit kulturelt felleseige for den nye kommunen. Det representerer både handverkskultur, næringshistorie og samferdslehistorie. Rett og slett kor god kystkulturen har vore i Os og Fusa. Med sin status lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit unikt symbol for våre bygder og den nye kommunen, seier kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen.

– Det andre stikkordet ein vil leggja til grunn for konkurransen er fjord. Fjord er eit anna sterkt symbol og omgrep med stort gjennomslag. Fjorden bind den nye kommunen saman. Sidan kommunen har fjord i namnet sitt er det nærliggjande at fjord vert ein leietråd for kommunevåpenet i form og/eller fargeval.

Rund formuleringa

Det nye kommunevåpenet skal byggje på dei heraldiske reglane som var retningsgjevande for norske kommunevåpen før 1/1 2018.

– Vi har bevisst vald å vera runde i formuleringane på kven som kan delta i konkurransen, difor har vi sagt at den er open for profesjonelle formgjevarar med relevant kompetanse.

– Dei som ønskjer å prekvalifisera seg må difor legga ved CVen sin saman med søknaden, så vil vi med bakgrunn i denne ta vurderinga om dei er kvalifisert. Grunnen til vi gjer dette er at vi ikkje ønskjer å utelukke nokon frå moglegheiten til å kvalifisera seg, forklarar Axelsen.

Vinnaren får 30.000 kroner

Fristen får å melda seg på er 20. august. Dei som blir kvalifisert får beskjed om dette innan 1. september og frist på seg til 20. oktober med å levera sitt bidrag. Endeleg val av kommunevåpen blir gjort av kommunestyra i Os og Fusa i desember.

– Inntil fem bidrag kan premierast med 5000 kroner kvar. I tillegg får vinnaren av konkurransen 30.000 kroner, avsluttar Axelsen som legg til at søknaden om prekvalifisering skal sendast postmottaket til Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.