Inviterte til fest

... og det blei det. Sjå stor bildeserie og video frå laurdagen på Osfest.

Andris Hamre
02. august 2015 - 2:25

Det starta mørkt og blautt då Bendik Brænne gjekk på scenen klokka 18. Regnet silte ned og folk heldt seg i VIP-teltet eller på vorspiel, men etterkvart kom det seg.

Monica Helldal lei òg av at regnbygene heldt publikum unna grusplassen på Kuventræ, men då Jace Everett entra scenen forsvann dei fleste skyene.

– Vi var veldig spente og følgde nøye med på vêrr-adaren. Gleda var stor då vi såg at vi akkurat gjekk klar. I Haugesund og sør for oss har det bøtta ned, men det snudde før det kom til oss, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.

Ny festivalrekord

Vi kan allereie slå fast at årets Osfest har knust tala frå i fjor. Med mellom 2500 og 3000 tilskodarar på fredag og truleg vel 3000 på laurdag blei det ein sukess.

Og ein sukess blei det på scenen laurdag òg. Etter Bendik Brænne og Monica Helldal viste Jace Everett at han har meir å by på enn berre True Blood-melodien. Han er rett og slett ein dyktig artist, men eit knippe gode låtar.

– Jace Everett har imponert meg. Ikkje berre med låtane, men med den joviale måten han er på. Eg trur han har snakka med halve Osbygda denne helga, fortalde ein av tilskodarane som hadde møtt amerikanaren på kaien tidlegare på dagen.

Allsong og jubel

Laurdagen blei avslutta med DeLillos og Kurt Nilsen. Oslo-bandet DeLillos var i storslag med Lars Lillo Stenberg i front. På rekkje og rad kom låtane publikum kjenner godt frå før, og publikum var med. Lillo Stenberg var i storslag og hadde ei god hand om Os-publikummet, som var med på allsong.

– Vi sjåast nok igjen, helsa Lars Lillo Stenberg etter to ekstranummer.

Meir allsong blei det då Osfest presenterte artistdugnaden med nyinnspeling av Os-songen. Publikum blei bergtatt og song med på den kjære "nasjonalsongen".

Sist ut, og æra av å avslutta ein særs vellykka Osfest var bergensar Kurt Nilsen. Også han i storslag.

– Er de klare for ein fest, ropte Nilsen ut då han entra scenen. Og osingane let seg ikkje be to gongar. Dei var med frå første strofe, både på kjente melodiar og nytt materiale Nilsen ville testa ut.

– Tusen takk, de er snille med meg, smilte Kurt'n etter ei av dei nye låtane. At osingane sette pris på han var det liten tvil om, han slapp ikkje av scenen før fleire ekstranummer var levert.

Og styrtregnet. Det heldt seg unna heilt til siste ekstranummer.

 

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest