Meining | 12. juli 2023

Ja, det skjer litt, men ikkje nok

DEBATT: AP har heilt rett. FrP går til val på å få fart på Bjørnafjorden, men ikkje fordi vi meiner at ingenting har skjedd sidan 2019.

Ja, det skjer litt, men ikkje nok
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. juli 2023 13:28

AP har heilt rett. FrP går til val på å få fart på Bjørnafjorden.

Dette er sjølvsagt ikkje fordi vi meiner at ingenting har skjedd sidan 2019-valet, slik AP legg det fram.

Vi meiner ganske enkelt at potensialet til Bjørnafjorden kommune er mykje større enn det vi har fått ut dei siste fire åra. Og då må farten opp.

Vi må skapa meir, både sjølv og i samarbeid med private og frivillige organisasjonar.

Ingen er ueinig i at det har vore ein krevjande start for Bjørnafjorden kommune. Covid19-pandemien og ein brå slutt på Statleg finansiering av omsorgstenestene (SiO) kan sjølvsagt ikkje lastast AP.

Men at regnbogealliansen frå 2019-valet (AP/SP/MDG/KrF + SV) gradvis smuldra opp, ja det må AP som det leiande ordførarpartiet ta ansvar for.

Dessverre har dette gitt oss vekslande fleirtal frå sak til sak, lite stabilitet og utydelege styringssignal til administrasjonen. Det er aldri bra for ein kommune som må tenkja langsiktig.

Å skru saman to organisasjonar er heller ikkje lett, og la det ikkje herska nokon tvil; i FrP er vi også stolte over den jobben som kommunen sine tilsette gjer kvar dag 24/7 for å gje gode tenester til innbyggjarane.

Lite føreseieleg og tydeleg politisk styring har diverre ikkje gjort jobben deira enklare.

Svak økonomisk styring

At AP og samarbeidspartia ikkje tok inn over seg kommunen sine økonomiske utfordringar tidleg i valperioden har heller ikkje gjort stoda betre.

Både i 2020 og 2021 auka alliansen både drifts- og investeringsbudsjettet, medan FrP og Høgra haldt att på pengebruken.

Som eksempel kan nemnast at alliansen i 2021-budsjettet ville auka investeringane, og dermed lånegjelda, med 31 millionar kroner i høve administrasjonen sitt framlegg. Til samanlikning reduserte FrP/H investeringane med 10,5 millionar kroner.

Eit anna eksempel er at AP, MDG og SV hausten 2021 røysta imot å konkurranseutsetja den kommunale tenestepensjonsordninga. I ettertid veit vi at dette FrP/H-forslaget har spart kommunen for titals millionar kroner i driftskostnadar, samt fristilt store midlar som vi no har på fond.

Utan dette grepet hadde den økonomisk krisa i kommunen vore enda større enn den er.

Men AP røysta av altså i mot. Forstå det den som kan.

Og, for ordens skuld - pensjonsrettane til dei tilsette er heilt identiske med Storebrand som leverandør, som dei var då KLP leverte tenesta.

Mykje var vedtatt i gamle Os og Fusa

I lesarbrevet «Skjer det noko i Bjørnafjorden då?» listar AP opp eit rekkje saker som er gjennomført sidan samanslåinga i 2020.

Mykje er bra, og FrP har røysta for ei rekkje av tiltaka. Men nokre av punkta i lista må vi få kommentera;

  • Arealplan for Bjørnafjorden Vest er vedteken, men ei rekkje utbyggingsområde er tatt ut gjennom prosessen. Dette gjev store tap for grunneigarar og utbyggjarar, og lågare aktivitet i kommunen.

    Det har vore stor aktivitet i næringslivet dei siste åra, og AP skryt av rekordmange nye arbeidsplassar i privat sektor. Men kva er det eigentleg kommunen har bidratt med for å sikra denne utviklinga?
  • Det er i alle fall ikkje tilrettelegging av nye næringsareal, - ingen etableringar er p.t. på plass i korkje Lyseparken eller på Samnøy. Og det kan ikkje vera JA-halding i plan- og byggjesaker, for ein gjennomgang av dei politisk arealsakene som er handsama i Plan-, bygg- og miljøutvalet (PBM) syner gjennomgåande at AP/SP/MDG/SV seier nei der FrP/H seier ja i sak etter sak. I all hovudsak er det nok privat næringsliv sjølv som har bidratt til denne veksten i arbeidsplassar. Æras dei som ærast bør seier no vi i FrP.
  • Ei rekkje av utbyggingane som AP no skryt av i si liste var planlagde og vedtekne i Os og Fusa lenge før kommunesamanslåinga i 2020. Det skulle berre mangla at dei ikkje vart sluttført. Vi kan nemna Borgafjellet barneskule, Giskavollen Parkeringshus, utehall Lunde barneskule, aktivitetspark Søfteland skule, ferdigstilt Os idrettspark, Os Aktiv v/Os ungdomsskule, leikeplass Os barneskule m.m.

Når vi i FrP peikar på at potensialt er større i Bjørnafjorden enn det vi har fått ut, kan vi illustrera dette med nokre eksempel frå AP si liste.

  • Områdeplan for Eikelandsosen vart vedtatt i 2020, men har det skjedd noko som helst i planområdet i ettertid?
  • Og kjøp av friluftsområdet i Leirvågen i juni 2022? Har det skjedde noko tilrettelegging det siste året?
  • Eller pumptracken i Eikelandsosen? Det tok vel i overkant av to år før den vart montert.
  • Og at Bjørnafjorden plutseleg skulle overlata byggherreansvaret for FV Åsen-Helleskaret til Vestland fylkeskommune? Det forsinka nok prosjektet med minst 2 år. Ting har kort og godt tatt for lang tid.

Kva tener Bjørnafjorden framover?

Uansett trur vi ikkje veljarane er veldig interessert i denne polemikken mellom dei politiske partia.

Frå FrPs side er vi difor oppteken av å formidla kva vi trur er best for kommunen dei kommande fire åra. Vi trur Bjørnafjorden kommune vil ha godt av eit tydeleg og stabilt fleirtal etter valet. Eit fleirtal som kan få orden på kommuneøkonomien, og setja fart på kommunen.

Ein krevjande kommuneøkonomi krev prioritering dersom vi skal unngå eigedomsskatt på bustad og næring. FrP vil difor prioritera det viktigaste først dei neste fire åra – barnehage, skule, helse og eldreomsorg. I tillegg skal vi reetablera ein klar JA-haldning i Bjørnafjorden, og utvikla heile kommunen i nært samarbeid med private og frivillig sektor.

Saman med Høgre utvikla vi gamle Os kommune til å bli ein mønsterkommune med god økonomi, gode tenester, JA-haldning, næringsetableringar og høg folkevekst. Bjørnafjorden kommune har eit enda større potensiale, - på begge sider av fjorden. Det potensialet må vi få ut.

Vi er klar til å ta fatt på jobben om du gir oss tillit 11.september! Få fart på Bjørnafjorden – stem FrP lokalt!

Bjørnafjorden FrP
ved ordførarkandidat Terje Søviknes
2. kandidat Laila Reiertsen
3. kandidar Espen Aspenes
4. kandidat Gustav Bahus
5. kandidat Eirik Andre Hesthamar
6. kandidat Ingrid Øksnes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.