Jagde juniorlandslaget
Roarane frå Hordaland og Os stilte mot landslaget i juniorklassen over, og pressa dei heilt til mål.


I helga gjekk Nordisk meisterskap i roing av stabelen på Årungen.
Os hadde ingen kvalifisert for junior A, den eldste juniorklassen, men stilte sterkt med to yngre roarar, Mattias Haugland og Arne Hadler-Olsen. Mattias og Arne klarte ikkje å kvalifisera seg i den rekordstore klassen, mot eldre utøvarar.
Konkurransen hadde 500 nordiske lag påmeldt.
Til topps i singel og dobbelfirar
Men dei rodde regatta i eigen klasse, junior B, der dei laurdag gjekk heilt til topps i singesculler 1000 meter. Mattias vann og Arne fekk ein 5. plass.
– Det var ein kjempeprestasjon av Mattias, seier trenar Audun Hadler-Olsen.
Seinare same dag var Arne og Mattias med i dobbelfirar. Der vann dei A-finalen 1000 meter, den fjerde strake sigeren deira til no.
Imponerte landslaga
Søndag var det åttar og der stilte ein nykomponert Hordalands-åttar til start, med junior B-utøvarar, mot landslaga i junior A.
– Dei sjokkerte heile Ro-Noreg, seier trenar Audun.
I konkurranse mot landslaga frå Danmark, Australia, Noreg og Sverige låg ungdomane frå Hordaland på andreplass midtvegs i det 2000 meter lange løpet.
– Dei kom sist i mål, men pressa landslaga heilt inn og det var berre to sekund mellom 2. plass og hordalandsåttaren, som kom inn på sterke 6.12.
Komande helg deltar Arne på regatta i Sorø i Danmark saman med Audun Grepperud frå Ormsund Roklubb.