Lokal | 18. mars 2015

Jakta Jaguar på Kuventræ

Ein månad etter at ein bil på flukt frå politiet kjørte rett over skuleplassen, kom det i dag ein Jaguar kjørande i same spor.

Jakta Jaguar på Kuventræ
Ein bil kjørte på gangveg og over skuleplassen på Kuventræ onsdag ettermiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mars 2015 21:45

Politiet fekk onsdag ettermiddag melding om einbil som hadde kjørt på gangvegen frå Industrivegen over skuleplassen til Kuventræ barneskule og bort til Idrettsvegen.

– Eg prøvde å stoppa dei, men dei kom seg forbi, fortel eit vitne som skulle henta dottera på SFO i 17-tida i ettermiddag.

Bilen, ein Jaguar med to unge menn om bord, blei stoppa av politiet kort tid etterpå.

– Kan bli følgt opp vidare

Bilførar har førarkort og var edru.

– Vi har notert oss namn og førebels har har fått ei muntleg åtvaring.

– Men vi vil snakka med vitnet på nytt og sjå om vi skal ta ei ny vurdering av saka, fortel politibetjent Jonsrud til Midstiden.

Les òg: Kjørte over skuleplass - på flukt frå politiet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.