Os Vocalis jul 2018

Jakta på julestemninga

Torsdag kveld var det Os Vocalis sin tur i Os kyrkje - Fonos er klar for å syngja oss i stemning på sundag 

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Os har har gode kortradisjonar - og gode kor.

For mange vert det liksom ikkje jul utan ein god julekor-konsert. Nornekoret har allereie gjennomført sitt bidrag til tradisjonen, og torsdag kveld var det tid  for å senka skuldrene saman med Os Vocalis.

Kvilepuls

I ei godt besøkt Os kyrkje innleia koret med å helsa velkomen til ein udigital konsert. Her var det berre stemmene til koret, og eit piano vi skulle forhalda oss til. Ingenting gjekk gjennom mikrofonar og leidningar. Dunkel belysning med mykje levande lys sa at her var det rom for å finna ro. På oppmoding frå koret fekk publikum lov til å lukka auga - og berre lytta.

Os Vocalis let bra. Faktisk veldig bra. Frå det skjøraste av det skjøre, til augneblink kor du trur dei er mange fleire enn det som faktisk står på scenen. Med total tonekontroll og respekt for songane, vart det ein time med låg puls, og ei påminning om at jula kan vera utan stress òg. Det heile vart leia av dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid.

Kreativ bruk av rommet

Konserten starta med «Natt over jorden», her stod koret i ein sirkel og sang mot kvarandre. Andre nummer var «Vär inte rädd för mörkret», og her stod koret med ryggen mot oss i delar av songen.

Desse kreative grepa fortsatte utover konserten, og dette gav konserten ei ekstra lydvisuell oppleving. Kyrkja, med sine krinkar, krokar og bogar spelte på lag med koret heile vegen. Os Vocalis bydde òg på enkle, men effektive visuelle grep ved bruk av små lykter. Kor genialt er det ikkje når kvar songar tenner si lykt etterkvart som dei byrjar å synga?!

Timen med Os Vocalis i Os kyrkje var eitt av desse augneblinka alle burde ta seg tid til av og til. 14 nummer, og eit pianostykke av den eminente Frode Skag Storheim,  og så var det ut i julestria att.

Høg stemning i Fonos

Samstundes som Os Vocalis senka skuldre i kyrkja, heldt Fonos på med si generalprøve i Kyrkjetunet.

Generalprøve er, for dei som har vore med på det, den øvinga kor det meste ofte går gale. Det er siste sjansen til å få alt perfekt, og desto større vert stresset når det ikkje gjer det.

Dei vise stridast om generalprøver helst skal gå dårleg; for då er teorien at vert ein ekstra skjerpa fram til når det verkeleg gjeld.

Det var lite som minna om stress hos Fonos.

Joda, dirigent Stine Kobbeltvedt kunne melda om ein småsleten gjeng, men stemninga var laussluppen og det var konstant tillaup til spontan dansing gjennom låtane. Fonos, for anledninga utvida med blåserekke let sakleg bra!

Etter å ha gått rett frå Os Vocalis sin konsert i kyrkja til generalprøve med Fonos, kan eg ikkje gjera anna enn å seia at Os held fram med å vera ei kor-bygd av beste sort.

Der Os Vocalis sette meg i julestemning på det djupare planet, vert Fonos sine konsertar i Oseana på sundag ei påminning om alt som er moro med jula. Du er herved advart mot spontandansing i benkeradane.  

Om korsang ikkje skulle vera di greie, eller du av andre orsakar ikkje kjem deg på Fonos, inviterer Os Musikkforening til konsert i Os kyrkje på sundag. Med seg har dei Tilslørte Bondepiker og Os Skulekorps.  

Fleire saker