Lokal | 24. sep. 2009

Jaktar påhengstjuvar

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. sep. 2009 10:22

Politiet i Gulen stoppa i natt ein polskregistrert varebil full av påhengsmotorar.Fire menn stakk frå staden, og blir no jakta av politiet.

- Dette kan vera banden som herja i vårt område i august, seier Hadler-Olsen frå Os lensmannskontor.

- Politiet i Bergen koordinerer etterforskinga i kommunane langs kysten, så vil vidare etterforsking sjå om banden i Gulen kan vera den same som har synda i Os.

Både i Os og i nabokommunane blei det stole ei rekke påhengsmotorar på rundt 10 hestekrefter no på seinsommaren.

Ifølgje bt.no jaktar politiet no med hund etter dei fire polakkane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.