Jamnt i St. Petersburg

Os-roarar avslutta sesongen med landslagsoppdrag i St. Petersburg.

Mattias Nikolai Haugland (Os), Johannes Heggebø Jansen (Fana), Arne Hadler-Olsen (Os) og Didrik Wie Soltvedt (Bergens) i den norske båten (privat foto).
Andris Hamrefredag 04. okt. 2013 08:24

Os roarane Mattias Nikolai Haugland og Arne Hadler-Olsen avslutta sesongen med representasjonsoppgåve for Norge.

I august blei dei to, saman med Johannes Heggebø Jansen (Fana) og Didrik Wie Soltvedt (Bergens roklubb), tatt ut til å ro dobbeltfirer under årets Baltic Cup i St. Petersburg.

– Baltic cup er ein 11 nasjoners turnering for utøvarar fødd i 1996.

– I helga blei det konkurrert på 1000 meter laurdag og 500 meter sundag.

– Konkurransa var sterk og det var jamn kamp i båe løpa. Den norske båten oppnådde same plassering båe dagane med en god 6 plass, fortel trenar Audun Hadler-Olsen, om stemne som gjekk under fine, men svært kalde rotilhøve.

Nyttig erfaring

Norge stilte med ein tropp på 16 utøverarar, kor 11 av dei kom fra vestlandet.

– Stemnet gav nyttig internasjonal erfaring og inspirasjon til vidare satsing.

– Det at gutane fekk sjå at dei at de rodde jevnt med store nasjoner som Tyskland og Russland var inspirerende.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.