Sportsleg leiar Jan Frode Skeie. Frode Lohne Sæle innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/privat)

Jan Frode sitt nye mannskap

Nyengasjert sportsleg leiar i Os Fotball, Jan Frode Skeie, har blant anna fått med seg spelarutviklar Frode Lohne Sæle.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tidlegare i oktober blei det kjent at sportssjef Lars Bakkerud blir erstatta av eit sporsleg utval, og at dette blir leia av Jan Frode Skeie.

– Det er fordeler og ulemper med å ha eit utval framfor å ha ein sportssjef. Har du eit utval er det vanskeleg å få tak i ein kjent figur som Bakkerud, som gjerne vil setja sitt preg på klubben utan å ha for mange kokkar rundt seg. Men med eit utval, om det er godt samansett, er du mindre sårbar, seier Jan Frode.

Han legg til at sportsleg utval tar med seg mykje av det Bakkerud starta på i sitt vidare arbeid.

Desse skal leia det sportslege

Over 700 fotballspelarar på Kuventræ skal utviklast til å bli flinkast mogleg. Samtidig er trivsel i fokus.

Sportsleg utval er ferdig forma med representantar frå kvar avdeling;

Hassan El Fakiri (senior/A-lag), Bjørn Bakke (junior), Frode Lundgren (dame) og Endre Brenne (barn). Kvar av desse blir leiar for sine undergrupper med 3-4 medlemmar, fleire av desse gruppene er òg i ferd med å bli bemanna.

I tillegg er tidlegare A-lagstrenar Frode Steffensen med som representant frå styret.

Meir effekt og styrke

Sportsleg utval skal setja ned ei gruppe som både skal revidera sportsplanen og laga eit konkret verktøy for trenarane på alle nivå.

– Tid på bane er ein avgrensa ressurs, det er viktig å bruka tida godt. Eg har som Bakkerud tru på trening med motstand og relasjonar, å stå i kø for å skyta på mål kan spelarane gjera på eigahand.

Verktøyet trenarane skal bruka består blant anna av ein bank av øvingar som er i tråd med sportsplanen.

– Samtidig vil sportsplanen og øvelsesbanken innehalda fysisk fostring tilpassa ulike aldrar. Det krev styrke og fart skal du bli ein god fotballspelar i framtida.

Med Lohne Sæle på laget

Skeie er spesielt nøgd med at Os Fotball har fått Frode Lohne Sæle med seg på laget. Lohne Sæle har bakgrunn frå Gneist, Løv-Ham og Fyllingsdalen, blant anna som ein av trenarane på Løveakademiet.

Han var òg ein av trenarane til dei kjente satsingslaga med gutar 2000 og 2001 i Fyllingsdalen, som blant anna har vunne Dana Cup og Norway Cup.

– Frode har hatt eit år pause og vi er veldige glade for at han valte Os då han ville på feltet igjen. Han blir ein viktig person i det vidare utvklingsarbeidet vårt.

Lohne Sæle kjem frå Balestrand i Sogn og bur på Sandsli. Han har slekt i Os og har vore mykje i bygda både i oppveksten og som vaksen. Han kjenner også litt til fotballmiljøet i bygda.

– Det har vore nokre talentfulle ungdomar ute på Fyllingsdalen og trent, nokre av dei har vi òg hatt med oss for å vinna Dana Cup. Eg har blitt kjent med fleire av dei vaksne i klubben og eg har inntrykk av at det allereie blir gjort mykje godt arbeid på Kuventræ.

– Med så mange medlemmar, fine fasilitetar og eksisterande tilbod som FFO (fotballfritidsordning), morgonakademi og fotballgymnas, ligg forholda godt til rette og eg gler meg til å byrja å jobba saman med osingane, seier Frode.

Elite, breidde og kameratskap

– Men omgrepa elite og breidde forsvinn ut av ordforrådet på Kuventræ. Kvifor?

– Det vil framleis vera førstelag og andrelag, og eigne satsingsgrupper for dei som har eigenskapar, treningsvilje og målsetnad om å bli så god som mogleg. Men å kalla ei gruppe for elite kan ofte, sjølv om det er noko positivt, få negativ effekt, seier Skeie.

– Vi ønskjer dessutan at førstelag og andrelag skal trena tettare, til same tid, på nabobanen, og jobba for å utvikla alle og for å halda på kameratskapen mellom spelarane sjølv om det er periodar der enkelte satsar meir enn andre.

For alle klubbane

Supersøndag, som blei prøvd ut for første gong no i haust, med to treningsøkter og lunsj imellom, blir eit fast innslag framover.

– Her blir det òg ope for medlemmar i andre klubbar og vi ønskjer trenarar velkomne, både på sidelinja og i gjennomføringa.

– Viss Supersøndag kan inspirera med nye øvingar og løfta nivået på treningsøktene i heile kommunen så er det ingenting som er betre enn det, seier Jan Frode Skeie.

 

Fleire saker