Sport | 09. apr. 2014

Jarle er ferdig som landslagssjef

Jarle Pedersen sluttar som sjef for det norske skøytelandslaget.

Jarle er ferdig som landslagssjef
Jarle Pedersen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. apr. 2014 20:36

Onsdag bestemte styret i Norges Skøyteforbund seg for at dei ikkje vil fornya kontrakten med Jarle Pedersen.

I forkant av styremøtet har Pedersen i ein epost til utøvarane, sportssjefen og styret om at han ikkje ønska å halda fram, skriv BA.no i eit intervju der han kallar skøyteforbundet si handtering av trenarspørsmålet for amatørmessig.

Trenaren frå Os seier forbundet ikkje har prata med han før torsdag i førre veke. I mellomtida har presidenten i forbundet uttalt seg fleire gongar i media, der han har ytra ønske om å få nederlandske Gerard Kemkers som ny trenar.

No håper han, for utøvarane sin del, at forbundet snarast får på plass ny trenar til landslaget, der sonen Sverre er ein av utøvarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.