Lokal | 30. juni 2015

Jente skadd i motocrossulykke

Politi og ambulanse rykte ut til Kolskogen tysdag kveld.

Jente skadd i motocrossulykke
Politiet rykte ut til Kolskogen då ei jente i kveld blei skadd under trening. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juni 2015 19:44

Tysdag i 19-tida kom det melding om ei ulykke under trening på motocrossbanen i Kolskogen.

«Ung jente falt av mc, formentlig lettare skada» skreiv politiet på twitter. Politiet på staden ville ikkje kommentera ulykka noko vidare.

– Hadde vondt i ryggen

Leiar i Os MC og MX klubb, Jane Espelend, seier ho ikkje var i Kolskogen då ulykka skjedde.

– Men eg har snakka med han som styrte treninga i dag. Ho skal ha hatt vondt i ryggen, noko meir veit eg førebels ikkje.

Den skadde jenta er 18 år.

Få skadar på banen

Det skal vera sjeldan at motocrossutøvarane blir skadd.

– Ungdomane kjører gjerne tre eller fire økter på 20 minutt kvar, to-tre gongar i veka.

– Det hender av og til at nokon får eit fall, og at det kan bli brot i ein arm. Men det er heldigvis ikkje ofte, på dei elleve åra eg har vore i klubben har det berre vore nokre få ulykker med personskade.

Normalt rykker det i så fall berre ut ambulanse, ikkje politi, sidan uhellet skjer på lukka område under organisert trening.

– No håper vi det går fint med den skadde jenta, og at det er lenge til neste gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.