Sport | 03. aug. 2018

Jentene til finale i Norway Cup!

Utan baklengsmål etter 6 kampar: Nore Neset/Os J15 med solid siger i semifinalen!

Jentene til finale i Norway Cup!
Jubel etter skåring og siger i kvartfinalen tidlegare i dag. No har jentene også vunne semifinale. (Foto: Kristian Bødker)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. aug. 2018 16:11

Nore Neset/Os J15, som vann kvartfinalen mot Gjelleråsen 1-0 tidlegare i dag, har nettopp vunne semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup.

I fjor tapte dei semifnalen på golden goal, no er dei klare for finale!

Nore Neset/Os - Kolbotn 3-0 (1-0)
Målskårarar: Andrine, Vilde og Celina.

– Det er utruleg deilig, jentene viser ei fantastisk innstilling og vilje til å vinna, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

– I kvartfinalen var dei fantastiske (vann 1-0), i semifinalen var vi gode, og det var godt nok. Det er tøft med to kampar på éin dag, men jentene viste gjennom heile kampen at dei ville vinna!

Null baklengs på 6 kampar

Superjentene har no skåra 34 mål på 6 kampar - og keeper Anne Noss Nordvik har halde buret skinande reint gjennom alle kampane!

– Korleis klarer jentene å spela så mange kampar utan å sleppa inn mål?

– For det første har vi ein aggressiv spelestil med høgt press. Det er krevjande, men det gjer det vanskeleg for motstandar å koma seg opp på banen.

– Og så er vi solid i alle ledd! Forsvaret er knallbra og keeper er utruleg stødig. Sjølv om Anne har hatt mimimalt å gjera på gjennom dei første fire kampane, har ho vore til dei gradar med i spelet. Ho har dirigert og halde seg skarp, og når vi no har spelt kvart- og semifinale, og det har blitt litt å henga fingrane i, så har ho fått visa kor god ho er.

Finalen startar klokka 12.40 og går på bane 1 på Ekeberg.

Motstandar er Stabæk, som slo Ekholt 4-0 i den andre semifinalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.