Kultur | 03. mars 2019

Jonas Fjeld speler intimkonsert på Os

– Vi trappar opp liveprogrammet vårt, og ser spesielt fram til denne konserten, seier Jostein Eck på Baronessen.

Jonas Fjeld speler intimkonsert på Os
Jonas Fjeld har vunne ei rekkje Spellemannprisar, og turnert i Noreg i snart 50 år. Fredag speler han i Os. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2019 20:21

I midten av november opna den nye utestaden «Baronessen» i Os sentrum. Med aldersgrense 25 år har dei sikta seg inn på vaksen målgruppe, og denne har dei òg nådd.

– Vi gler oss over responsen. Tida fram mot nyttår blei veldig god. Januar og februar er naturlegvis litt rolege månadar, men vi har hatt fleire gode kveldar, og vi gler oss spesielt over at vi har nådd det publikummet vi håpa å nå, godt vaksne som gjerne ikkje gjekk ut på Os før.

– Vi ser mange nye ansikt ute på Øyro for tida, seier innehavar Bjarte Andersen.

Meir livemusikk

Baren har ope frå torsdag til laurdag, noko dei vil halda fram med. Dei gongane dei har hatt livemusikk eller DJ har det vore ekstra godt besøk. I februar har Lightsand (Steinar Lyssand), DJ Erik Skarstein, Camp David, CJ Marvin og Heine Salbu spelt på Baronessen.

– Vi har folk her også når det ikkje er nok spesielt på plakaten, og skal framleis ha kveldar der det går an å nyta drikke og ein god samtale. Ser vi at det er tendens til dansefot så justerer vi heller volumet og val av musikk på spelelista, seier bookingansvarleg Jostein Eck.

Men Baronessen vil halda fram med å booka, og har snart heile vårprogrammet klart.

– Dei fleste banda vi booker speler for døra, det synest vi er ryddig og greit for begge partar. Det er mange som kontaktar oss og vil spela her, men vi må vera nøye. Eg booker berre band vi kan stå inne for, lokale musikarar som vi veit har eit vaksent publikum, eller band vi kjenner til.

– At vi no får Jonas Fjeld til Baronessen synest vi er veldig spennande.

Ekstra intim

30-40 av 120 billettar er selt til intimkonserten med Jonas Fjeld førstkomande fredag.

– Sidan dette er ein intimkonsert, med eit namn og ein type musikar som Fjeld, så set vi stolar utover dansegolvet. Vi stenger også både dørene og baren under sjølve konserten, så alle skal få nyta musikken i fred og ro.

– Men vi opnar baren før, i pausen og etter konserten. Etter konserten opnar også dørene for dei utan billett, understreker Eck.

Jonas Fjeld, som eigentleg heiter Terje Lillegård Jensen, blei fødd i Bodø i 1952. Det starta med Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band, der også Herodes Falsk var medlem, men Falsk starta Prima Vera med Jahn Teigen og Tom Mathiessen, og Jonas heldt fram med Jonas Fjeld Band.

Han har, som soloartist og med andre musikarar, vunne Spellemannpris både i 1985, 1986, 1991 og 1994, og er blant anna kjent frå suksessduoen «To Rustne Herrer» med Ole Paus.

– «Engler i sneen» er ikkje alt her i livet, men for mange av oss betyr bildet av dei orda noko spesielt, seier Fjeld om suksesslåten frå 1989, kåra til tidenes tredje beste norske låt, ein låt han speler på kvar einaste konsert.

Under innspelinga av «Hver Gang Vi Møtes» på TV2 for to år sidan blei låten framført av Lene Marlin, sjølv gjorde han blant anna DDE-låten «E6» til sin eigen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.