Stor stemning på Kuventræ etter Børge Borgen si siste og avgjerande skåring i straffekonkurransen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stor stemning på Kuventræ etter Børge Borgen si siste og avgjerande skåring i straffekonkurransen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jubel etter straffedrama på Kuventræ

Os til NM: Tertnes kontra seg til leiing tre gongar, men Os utlikna til 3-3 og då var det duka for at Øvredal og Borgen kunne få heltestatus.

Kjetil Vasby Bruarøy
08. april 2015 - 21:57

Os kommune har for første gong to lag klare for fotball-NM etter at Lysekloster i dag slo Lyngbø 2-1 borte og Os vann 8-7 over Tertnes etter straffekonk på Kuventræ.

Midtsiden kjem med video av alle dei 15 skåringane på Kuventræ i kveld.

Os - Tertnes 8-7 (3-3 eeo, 0-1 til pause)
Målskårarar, Os: Adrian Valle, Marius Mikkelsen og sjølvmål (i forsøk på å hindra Christer Olsen, som var åleine med keeper).
Målskårarar, Os, straffekonk: Christer Olsen, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Emil Halver og Børge Borgen.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Stian Bakke, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Adrian Valle - Emil Halver, Sebastian Skåre Tune og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Christer Olsen, Børge Borgen og Aksel Skaar.

Os starta bra, men klarte ikkje å skapa så mange sjansar før pause. Tertnes tok leiinga på ei kontring. Adrian Valle utlikna i andre omgang, men Tertnes tok leiinga igjen.

Marius Mikkelsen, som blei ropt opp som dagens beste Os-spelar, takka for tittelen ved å utlikna til 2-2 og kampen gjekk til ekstraomgangar.

Gjestane gjekk tidleg opp i 2-3, men Os skapte mange store sjansar både i andre omgang og i begge ekstraomgangane. Christer Olsen nærma seg straffemerket åleine med ballen då ein Tertnes-stoppa prøvde å hinda han, men tuppa ballen rett i eige mål.

Frode redda - Børge blei matchvinnar

I straffespark-konkurransen var det ingen som skaut utanfr, men Frode Moberg Øvredal redda Tertnes sin tredje straffe, og med mål av Christer Olsen, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm og Emil Halver, som finta keeper rett veg, men likevel klarte å snika ballen forbi keeper, var det duka for at Børge Borgen kunne bli matchvinnar.

Innbyttar Borgen, som nett er i gang igjen etter eit lengre skadeopphald, sette ballen sikkert i mål, og spelarar, trenarar og publikum kunne sleppa jubelen laus.

– Eg missa på straffe på treningsleiren, men fekk tillit i dag. Eg har aldri missa på straffe i kamp og sette den heldigvis inn i dag òg, seier Børge etter kampen.

– Starta utolmodig

Os leverte ein noko tam førsteomgang, noko Tertnes klarte å utnytta.

– Vi fekk kampen der vi ville ha han og tok leiinga på to fine kontringar, seier Tertnes-trenar Jan Eivind Brudvik.

– Men Os var gode på å halda på ballen og fekk meir press på oss utover i kampen. Vi var nær siger og det var surt å tapa i dag, synest han.

Hassan El Fakiri var tydeleg glad og letta over å vinna sin første kamp på Kuventræ.

– Eg er ikkje nøgd med førsteomgangen. Tertnes låg godt organsiert og då er det ingen grunn for at vi skal jaga etter mål. Vi burde vore meir tolmodige, meiner El Fakiri.

– Men så kom det seg og vi skapte veldig mykje. Det er litt tungt når du hamner under tre gongar i éin kamp, men eg er samla sett veldig nøgd med det gutane presterte i dag.

Midtsiden kjem tilbake med video og meir om kampen.

 

Les meir om

Fotball Os herre Sport