Kultur | 18. des. 2011

Juleblues med Undeland

VIDEO: Olav Undeland hadde med seg både Alexander Pettersen og Eirik Bergene då han besøkte Os laurdag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. des. 2011 21:49

– Dette var ei gledeleg overrasking, seier Tore Lekve frå styret i Osøren Blues og Jazzfestival.

Før konserten på Peppes ringte Olav Undeland og spurte om det var greit at han tok med seg to musikarar til.

Med på lasset til årets siste blueskveld på Peppes var Eirik Bergene og Alexander Pettersen.

Eirik Bergene er, ved sida av å vera frontfigur i eige band, blant anna kjent for å spela med Vidar Busk.

Alexander Pettersen spelte på Os i sommar saman med årets spellemannsprisvinnarar, Billy T Band.

– Sommarhalvåret, når vi kan opna opp til uterestauranten, er vi av og til oppe i 150 gjestar.

– At vi er rundt 80 i kveld, siste laurdagen før jul, er heilt OK. Det har vore ein kjempehyggeleg kveld, synes Lekve.

Dette var ikkje siste blueskonsert i Os før nyttår.

Den tradisjonsrike romjulsbluesen, som i ei årrekkje har blitt arrangert og utselt i Fjellheim, går i år i Oseana 30.12. I år med Vetrhus Bluesband og Yngve and his Boogie Legs på scenen.

VIDEO (03:15): Sjå klipp av nokre av låtane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.