Jungel og ridebane
Mange ulike tiltak fekk god støtte då Visjon Vest delte ut til saman 270.000 kroner.


Torsdag kveld fekk lag og organisasjon tildelt til saman 270.000 kroner under ein seremoni i Sparebanken Vest sine lokale, midlar til alt frå Tarzan-løype til oppgradering av ridebane. - Vi føler at vi fekk støtta mange ulike gode tiltak, seier avdelingsbanksjef i Sparebanken Vest på Os, Benedikte Toftesund. Desse fekk midlar frå Visjon Vest i år: WT-Festivalen Nsumba Barnehjem (deltaking på Norway Cup) Kirkens sosiale tjeneste (Prosjekt for rusavhengige) Kongshaugfestivalen 2009 Kuvæntræ Nærmiljøanlegg (amfi) Bergen Politihundelag Os Sentrumsforening (kjøp av leikeplass-utstyr) Os Roklubb (Kjøp av nye årer) Os Turnforening v/ friidrettsgruppa (div. tiltak i klubben) Tone Lise Moberg Søfteland IL (ny tribune) FAU, Nore Øyane skule (Tarzan-løype) Os Turlag (Tiltak for eldre og de unge) Os Kulturutvikling (Skulptursymposium) Moldegård Rytterklubb (Oppgradering av ridebane) Os skyttarlag (Nytt utstyr til ungdomslaget)