Sport | 01. mars 2019

Kan Os yta betre motstand enn eit russisk PL-lag?

Eit rumensk lag, mistenkt for kampfiksing, påsto at dei hadde tapt for Os i Tyrkia.

Kan Os yta betre motstand enn eit russisk PL-lag?
Dagleg leiar og hovudtrenar for Os, Endre Brenne, seier han har høyrd om saka, men stadfestar at Os aldri har spelt treningskampen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mars 2019 16:08

Os, som er på treningsleir i Tyrkia, er nemnt i ei sak om eit rumensk lag som er mistenkt for kampfiksing.

FC Pucioasa, som speler på 3. nivå i Romania, påstår at dei tapte 2-5 for Os. Men Os har ikkje spelt mot Pucioasa, som dessutan fortel om kampdato før Os kom til Tyrkia.

Neste treningskamp for FC Pucioasa gjekk 12. februar mot tidlegare Molde-spelar Babacar Sarr sin nye klubb, Yenisey frå russisk Premier League. Denne vann FC Pucioasa overraskande nok 1-0.

Oddsen gjekk opp og ned

Det annonserte tapet for Os, som i fjor rykte opp frå nivå 5 i Noreg, skal ha vore med på å skru opp oddsen før møtet med russerane.

«Men, tett på kampstart mot Yenisey begynner oddsen å falle kraftig. Et tegn på at store summer har blitt spilt på Pucioasa seier (...) Pucioasa slår Babacar Sarrs Yenisey i det som helt åpenbart har vært en fikset kamp. I Romania (& Russland?) er kampfiksing omtrent like overraskende som en dommeravgjørelse i favør RBK er i Norge, men tenkte det var interessant å dele hva slags klubb Yenisey er» skriv @HognerX på Twitter.

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i tvitraren, som skriv på norsk og ser ut til å ha god oversikt over saka.

Endre Brenne stadfestar ovanfor Midtsiden at Os ikkje har spelt mot noko rumensk lag i Tyrkia. Han har heller ikkje blitt kontakta av noko speleselskap i samband med det som kan sjå ut som ein oppdikta kamp for å betra oddsen fram mot det spektakulære resultatet i neste kamp.

– Men eg er gjort obs på saka, og omtalen på Twitter, det er alt eg veit om desse laga.

Ei misforståing?

Treningskampane er omtalt av dei rumenske avisene Newskeeper og Bazarmedia.

Delar av omtalen på Bazarmedia er, via Google Oversettar, slik:

«FC Pucioasa vant bare ett spill i Belek, 1-0 med Yenisey Krasnoyarsk, vennlig mot hvilket det er mange mistanke. Før kampen med russerne sendte klubbens tjenestemenn også, via et Facebook-innlegg, at Leţu & co ville ha mistet nordmennene på Os TF Men, 2-5».

Samtidig skriv dei at det rumanske laget kan ha fått oppgitt feil namn på det skandinaviske motstandarlaget, at det var Ballerup Skovlunde Fodbold dei møtte. BSF speler på nivå fire i Danmark.

Sigeren over russerane blir uansett sett på som sensasjonell, og Os er uansett uskuldig nemt i saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.