Sport | 23. mars 2014

Kan ta VM-medalje i dag

I dag kan du sjå Sverre, som ligg på førebels 5. plass, avslutta sesongen i Heerenveen. Pappa og trenar Jarle Pedersen har tru på medalje.

Kan ta VM-medalje i dag
Jarle og Sverre. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. mars 2014 08:20

Denne helga blir årets skøytesesong avslutta med VM allround i Heerenveen i Nederland.

Sverre Lunde Pedersen gjekk ein god 500 meter (36,72 og 1. plass) og ein langt betre 5000 meter enn i verdscupavslutninga førre helg, då han i går slo Bart Swings i samløp og hamna på 5. plass med tida 6.23,72.

Før dagens 1.500- og 10.000 meter ligg osingen på 5. plass samanlagt. Håvard Bøkko ligg på 3. plass, Koen Verweij leiar.

Landslagstrenar og Sverre sin pappa, Jarle, trur Sverre kan ta medalje i dag.

– Eg må berre klina til, så får vi sjå kva det blir til. Det er ikkje så langt opp til tredjeplassen, men tøft blir det, seier Sverre til BT.no.

NRK1 sender skøyte-VM direkte, med herrar 1500 meter klokka 14.00 og 10.000-meteren klokka 16.45.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.