Kåra til årets ringverknad-bedrift i Noreg

Linda på Er-An Veikro tatt på senga av DNB.

Sjekk Linda sin reaksjon då ho fekk DNB på besøk. (Skjermskot: DNB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. feb. 2021 22:10

DNB Ringvirkinger, som med enkle illustrasjonar viser kva verdiar ei bedrift skaper i form av inntekt til det offentlege og kjøpekraft hos dei tilsette, blei lansert i 2020.

I kveld blei det klart at første vinnar er Er-An Veikro AS.

Då DNB overraska innehavar Linda Andersen med prisen, gjorde dei det skikkeleg - kamuflert som gjestar i den amerikanske skulebussen som utgjer delar av innreiinga, med skjult kamera og med eigen song til ein rørt restaurantdrivar.

– Dei hadde gjort video-opptak av søstera mi. Vi står veldig nær kvarandre, og ho sa så mykje fint om meg at eg ikkje klarte å halda tårene tilbake, seier Linda til Midtsiden.

Ho takkar både DNB og gjestane for prisen.

– Tenk at gjestane, i ei tid der eg føler eg berre går rundt og kjeftar og passar på smittevern, har nominert, stemt og skrive så mykje fint at vi får denne prisen.

– Januar har vore ein roleg månad, så dette varma veldig. Vi har halde ope kvar dag, og no byrjar besøkstalet å gå opp.

(Artikkelen held fram under videoen)

DNB enda opp med to vinnarar. Er-An Veikro er den første som er offentleggjort.

«Med sin varme sjel og bankende hjerte er Lindas veikro blitt et samlingspunkt i området - og kundene elsker henne. Er-An er et sted du vender tilbake til igjen og igjen» skriv DNB.

I ringverknad-oppsummeringa viser dei at vegkroa skaper skatte- og avgiftskroner nok til for eksempel å finansiera over 1.300 tannlegebesøk. Dei tilsette har til saman ei kjøpekraft på 5,9 millionar kroner.

På DNB.no kan du lesa meir om kåringa - og testa kva ditt firma skaper av ringverknadar.

Marianne Wik Sætre, banksjef for DNB Bergen, er imponert over hva Er-An Veikro har fått til.

– Ringverknadane er enorme

Norske firma er svært viktige for den totale verdiskapinga i landet.

– Ringverknadane frå små og store bedrifter i Noreg er enorme. Halvparten av inntektene til statsbudsjettet kjem frå desse bedriftene, og dei sysselset heile 70 prosent av alle som er i arbeid, seier Wik Sætre.

Sætre meiner det er viktig å støtta dagens og morgondagens bedrifter, då dei er viktige for at vi skal kunna oppretthalda velferdssamfunnet vårt.

– Er-An Veikro er ein av to verdige vinnarar som bidrar i sitt lokalsamfunn, og som har blitt heia fram av nøgde kundar. Vi gratulerer, prisen er vel fortent! Som osing sjølv synest eg dette er litt ekstra stas, seier Wik Sætre.

Banksjef Marianne Wik Sætre frå Os synest det er stas med vinnar frå heimbygda. (Foto: Britt Embly)

Kundeansvarleg i DNB Bergen, Tone Langelang, legg til:

– Linda er ein kreativ og dyktig bedriftseigar.

– Medverkande årsak til at Er-An Veikro har blitt så kjent utanfor kommunegrensene er nok det engasjementet ho viser, og det sterke laget ho har med seg, trur Langeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.