Sport | 10. feb. 2009

Karsten skåra 7...

... men handballherrane til Os var likevel sjanselause mot Nornen 2.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. feb. 2009 09:20

- Nornen var gode, det visste vi, men vi bør vera flaue over det vi presterte i dag, meiner Os sitt nye tilskot, Espen Risti.

- Det gjeld ikkje minst meg sjølv. Men vi kjem sterkt tilbake laurdag, og vi rykker garantert ikkje ned, legg han til.

Andris Hamre meiner ein dårleg start øydela mykje i bortekampen som enda med 20-34-tap. Til pause sto det 10-17.

- Men Karsetn Løtveit fortener ros, mykje fart i beina i sju fine mål.

Spelarar (og mål): Einar Godø, Espen Risti (1), Joachim Nøkleby (1), Karsten Løtveit (7), Daniel Røen (1), Ove Lyssand (3), Øystein Vindenes, Kristian Bruarøy (3), Sindre Lom (2), Joachim Blodstrupmoen, Fredrik Andresen (2), Erik Vågen.

Utvisingar: Os 1x2 min. Nornen 2 ingen.

Laurdag møter Os Stord 2, også det på bortebane. Heimekampen i haust enda med 19-31-tap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.