Kultur | 16. feb. 2012

Katt, Koht og tanntroll

Helga byr på bygdekino med kassasuksessen "Pus med støvler" og heilaften med Christine Koht. I tillegg kjem Karius og Baktus med ekstraframsyning.

Katt, Koht og tanntroll
"Pus med støvler" kjem på bygdekinoen søndag (foto: UiP/DreamWorks)
Andris Hamretorsdag 16. feb. 2012 10:22

Kinosuksessen "Pus med støvler" kjem til Oseana søndag. Filmen er skapt av folka bak sukessane "Shrek" og "Kung Fu Panda".

Lenge før han møtte Shrek, la den legendariske Pus med Støvler ut på ei heltemodig reise saman med Lille Trille og gatesmarte Kitty Fløyelspote for å stele den berømte Gåsa som la gullegg. Det blei eit eventyr han kunne skryte av i alle sine ni liv!

Filmen har blitt ein av vinterens store kassasuksesser og ligg denne veka på kinotoppen med vel 52.000 besøkande.

- Førebels har det ikkje vore det heilt store førehandssalet, men det har vore eit betre sal enn dei siste filmane vi har hatt på bygdekinoen, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle.

- Eg vil på det sterkaste tilrå dei som har tenkt å sjå filmen om å stikke innom og kjøpebillettar før søndag.

- Vi opplever at mange kjem berre minutt før framsyninga skal ta til og at det blir litt kaos i døra, så om dei hadde kjøpt billettane tidlegare så hadde eg blitt veldig glad, seier Hjelle med eit smil.

Ungdomsfilmen søndag er actionthrilleren Chronicle. Også det ein av dei mest populære filmane dei siste vekene med vel 23.000 besøkande hittil.

Heilaften med Koht

Før bygdekinoen slepp til på søndag er scena via til humoristen Christine Koht.

- Der er det òg framleis billettar igjen, men det har vore eit godt sal, fortel Hjelle.

Restaurant Færingen har i samband med Koht på scenen laga til ein eigen trerettars showmeny slik at gjestene kan få ein heilaften på Oseana.

- Det er noko vi kjem til å gjere meir framover. Fredag blir det jordskokksuppe med røykt and, ytrefilet av okse og karamellpudding til ein hyggeleg pris, reklamerar kjøkensjef Angus Hugøy.

Han har lagt opp til to bordsete slik at ein kan velje om ein vil ha ein matbit før eller etter showet med Koht.

Ekstra med Karius og Baktus

Framsyninga med Karius og Baktus 30. april er praktisk talt utseld.

- Difor er vi utruleg glade for at Riksteateret vel å sette opp ei ekstraframsyning tidlegare på ettermiddagen same dagen.

- Dei har eit stramt turneprogram, så det er ikkje alle stader dei klarer å få til ei ekstraframsyning. Difor er det ekstra kjekt at dei klarte det her hjå oss, seier Hjelle.

Billettsalet til ekstraframsyninga har allereie starta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.