Lokal | 12. aug. 2019

To kattar påkøyrd på Halhjemsvegen

Eigaren til éin av dei er funnen.

To kattar påkøyrd på Halhjemsvegen
Halhjemsvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. aug. 2019 07:47

Søndag klokka 14.40 fekk politiet melding om funn av død katt på Halhjemsvegen.

– Katten hadde chip, og eigar blei funnen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Måndag morgon klokka 05.40 kom det melding om påkøyrd katt nær rundkøyringa på Halhjem.

– Vi har ikkje funne eigar på denne katten. Dessverrehar vi heller ikkje noko skildring på katten.

Britisk råkjørar

Søndag fekk politiet òg melding om råkøyring på E39 frå Halhjem mot Bergen.

Meldinga kom klokka 22.40.

Ein bil med engelske skilt køyrde fort og hadde farlege forbikøyringar, blant anna forbi ein buss i innersving.

Ein patrulje frå Bergen stoppa bilen på Søfteland. Vedkomande fekk køyra vidare etter ein prat med politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.