Lokal | 27. mars 2020

Kjære ungdom, ver så snill, dropp festlege lag!

Lesarbrev: Politiet ber innbyggarane unngå fellesaktivitetar og festlege lag.

Kjære ungdom, ver så snill, dropp festlege lag!
Politioverbetjent Anne Lyssand vidarebringer bodskapen om å halda seg unna fellesarrangement. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. mars 2020 11:14

Kjære ungdom og foreldre!

Det er sett inn fleire tiltak for å få bukt med koronaviruset. Vi kallar det dugnad. Noreg og innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune er gode på dugnad.

Denne dugnaden må vi stå saman om.

Viruset er for dei fleste av oss ikkje farleg, men for ganske mange kan det vere dødeleg. Dei aller fleste av oss kjenner personar dette er farleg for, og det er noko vi bør tenkje på. Det er derfor viktig at vi alle gjer kva vi kan for å minska spreiing.

I tråd med råda frå helsemyndigheitene, oppmodar politiet i Bjørnafjorden ungdomar innstendig om å avstå frå samlingar/arrangement, festlege lag eller andre planlagde fellesaktivitetar. I møte med andre er det vanskeleg å veta kven som er og eventuell blir smitta. Vi veit det er keisamt, men er det nokon som klarer å finna alternative måtar å vera sosial på, så er det de som er unge!

Vi anbefaler også å avstå frå å drikka alkohol, då det kan føra til at dømekrafta blir svekka.

På fest er stemninga god og alkoholinntaket får oss til å tenkja litt annleis. Vi blir meir intime og deler gjerne av drikka vår. Viruset smittar ved dropar, noko som betyr at å dela drikke er svært risikofylt. Dette gjer at festlege lag er risikoutsett for smitte.

Kjære ungdom, ver så snill, dropp festlege lag!

Du blir kanskje ikkje sjuk, men tenk på andre medborgarar. Andre kan dø av å bli smitta. Ver eit medmenneske og held deg vekk frå festar og samlingar med andre! Då kan du seia at du har medverka på dugnaden.

Kjære foreldre. Sei nei til ungdomen din.

Hjelp dei med å ta valet om å halda seg borte frå festane og samlingane dei ønskjer å delta på og vera ein del av. Snakk med dei, slik at dei forstår kor dumt det er å møta andre nett no. Vi må stå saman dersom vi skal knekka viruset.

Vi ønskjer alle alt godt. Vi har ingen liv å mista til dette viruset. Ver så snill å ta det på alvor.

Til alle dykk som har råka ut for viruset, god betring!

Vi må stå saman no!

Helsing politiet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.