Lokal | 02. nov. 2010

Kjem det ikkje gangfelt?

Gangfeltet var ferdig for over eit år sidan. Framleis er det utan skilt og striper, og det er heller ikkje sikkert at desse kjem.

Kjem det ikkje gangfelt?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. nov. 2010 12:42

- Eg er ikkje redd for å kryssa vegen, bilane følgjer med og stoppar sjølv om det ikkje er skilta, seier Enya Sofie Johnsen på veg til skulen tysdag morgon.

Dei fleste av elevane ved Søre Øyane skule går over brua for å koma til skulen, og den nye overgangen har gjort det tryggare å kryssa vegen.

Falsk tryggleik?
Men overgangen kunne vore mykje tryggare, skilt har kome opp, men er dekka med plast. Det opphøgde gangfeltet er dessutan ikkje merka med kvite striper.

- Vi er redde for at overgangen kan gje ungane ein falsk følelse av tryggleik. Bilistar som bur her ute er merksame på overgangen, men det er kanskje ikkje alle andre, seier ein av foreldra Midtsiden.no har snakka med.

- Det er uforståeleg at dette skal ta så lang tid. Nokre ungdomar reiv ned plasten på skiltet, og DET tok vegvesenet seg tid til å fiksa. No er det dekka til igjen, fortvilar mora til to av elevane ved skulen.

Eitt år på overtid
I haustferien 2009 sto metallkonstruksjonen på motsett side av fortauet på brua mellom Bruarøy og Sundøy ferdig.

I mars venta kommunen framleis på kontroll av metallkonstruksjonen, i sommar venta dei på det same, men før skulestart i august blei rekkverket opna så den nye, tryggare overgangen i det minste kunne bli tatt i bruk.

- No er alt klart, men skiltet er dekka til og vi ventar på merking av overgangen. Vegvesenet vil visst først ta ei trafikkteljing, sa Arne Håkon Rød frå Os kommune i august.

Uvisst om merking
Fleire som bur i Søre Øyane undrar seg over at dei i det heile tatt må venta på trafikkteljing. Skal det ikkje koma merking uansett?

- Nei, det skal ikkje det. Ein del plassar er det overgang der det er naturleg, utan at det er merka. Det skal ein del bilar og fotgjengarar til for at det blir merka, seier Tor Høyland frå Statens vegvesen.

- Kor mange er det som må til?

- 15 fotgjengarar i timen i dei travlaste timane må vanlegvis til. Når det gjeld talet på bilar så må det vanlegvis opp i rundt 2000 i døgnet.

- Men vi ser alltid på alt under eitt, korleis det ser ut i nærleiken, kor nær overgangen er skule og så vidare, legg han til.

Kor tid skal dei telja?
Høyland var ikkje på kontoret sitt då Midtsiden snakka med han, så han kunne ikkje seia sikkert om det har vore trafikkteljing i Øyane eller kor tid den eventuelt skal utførast.

- Slike teljingar av fotgjengarar er gjort på ein morgon eller ettermiddag, når det gjeld trafikken så står radaren nokre døgn.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir om trafikkteljinga når vegvesenet har informasjonen klar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.