Kultur | 23. jan. 2010

Kjem til Dalen

Vetrhus Bluesband kjem til Os for å spela til dans i Hegglandsdalen.

Kjem til Dalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2010 07:22

Vetrhus Bluesband har vore del av programmet under Osøren Blues & Jazzfestival i mange av dei siste åra. Bandet har også spelt under haustbluesen i Oselvarnaustet, og har vore ein sikker suksess og for mange osingar ein av favorittane.

- Vi vil laga litt liv i ungdomshuset i Dalen, og har invitert dei til å spela til dans laurdag 20. februar, fortel Lisbeth Rød frå Hegglandsdalen grendalag.

- Då eg var på blueskonserten i Fjellheim i jula fekk eg også høyra at Vetrhus ikkje kjem til festivalen til sommaren, så dette kan bli den einaste sjansen til å oppleva Vetrhus i Os i år, legg ho til.

Hard oppvarming?
Då dei blei booka spurte bandet frå Odda om ikkje arrangørane kjenner til eit lokalt band som kan stå for litt oppvarming.

- Og det gjer vi. Vi har ein talentfull ungdomsgjeng som øer i ungdomshuset, BlackEnd, og dei har takka ja til å spela før Vetrhus Bluesband skal på scenen.

BlackEnd består av fire 16-åringar frå Os, Martin Snilstveit, Eirik Gjerde, Kay Erik Skaar og Richard Gåssand. Dei liker best å spela hakket hardare musikk enn bandet frå Odda.

- Men til denne kvelden har dei øvd inn nokre meir passande låtar, frå blant anna U2, Bryan Adams og Bruce Springsteen, fortel Lisbeth.

BlackEnd har også meldt seg på Ungdomens Kulturmønstring, som blir halde i Fjellheim sundag 7. februar.

- Førebels har vi lagt ut 200 billettar for sal, på Esso-stasjonen og B-Young, og salet er godt i gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.