Båt og sjøliv | 28. juni 2021

«Kjølen» delte ut tre forelegg

Politibåten var på tokt i Os fredag.

«Kjølen» delte ut tre forelegg
Kjølen var først i Os hamn, så gjekk turen til Hauglandsosen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. juni 2021 07:48

Fredag på dagtid patruljerte politibåten «Kjølen» i Os. Det førte til tre forelegg.

– Dei var først i Os hamn. Der kontrollerte dei sju båtar, men fann ikkje noko å reagera på, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Så var dei innom Vargavågen og vidare til Hauglandsjøen.

– Der kontrollerte dei to båtar, og skreiv ut til saman tre forelegg for manglande bruk av redningsvest.

Det er ikkje notert storleik på båt eller alder på båtfolket utan vest.

Full fest i båt

Også natt til søndag blei det oppdrag for politiet i hamna, men frå land, ikkje frå båt.

Klokka 01.30 kom det melding om full fest i båt.

– Deltakarane fekk beskjed om å avslutta festen, noko dei ikkje klarte.

Ein time seinare kom det nemleg ny klage på støy frå den same båten. Politiet var då opptatt med noko anna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.