Lokal | 01. nov. 2017

Klagen ikkje teken til følgje

Fjellheim kan seljast, om ikkje fylkesmannen igjen gjer om kommunen sitt vedtak.

Klagen ikkje teken til følgje
No er det opp til Fylkesmannen om han opprettheld vedtaket om å omregulera Fjellheim-tomta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. nov. 2017 08:35

Eit fleirtal på 20 med politikarar frå Høgre, Frp, ein frå Krf og ein frå Venstre vedtok tysdag kveld å ikkje ta klagen frå Foreningen Bevar Fjellheim til følgje. Kommunestyret opprettheld difor at BB2 (Fjellheim-tomta) skal omregulerast til bustadområde.

Saka blir no sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Vedtaket tyder, om fylkesmannen opprettheld det, at Fjellheimtomta kan seljast.

«Don't take my man, just because you can»

Opposisjonspolitikarane kjempa for å behalde huset i det lengste.

– Dette er ei viktig sak. Spesielt med tanke på at 4000 underskifter ligg føre. I tillegg har både fylkeskommunen og riksantikvaren peika på den høge kulturelle verneverdien og arkitektoniske verdien Fjellheim har.

– Kommunen har eit pålegg om å utarbeide ein kulturminneplan. Der er Os heilt i startgropa. Det er heilt naturleg at Fjellheim går inn i den, påpeika Harald Lekven (Sp) som la til at fleire også hadde peikt på at Fjellheim igjen kan bli eit samlingspunkt slik som Verftet har blitt for Bergen.

– Eg vil seia som Dolly Parton i Jolene: «Don't take my man, just because you can», avslutta Lekven.

– Har kome nye argument på bordet

Lekven fekk støtte frå Glenn Erik Haugland (V) som viste til uttale frå byantikvaren om mellom anna Fjellheim si rolle som landemerke og arkitektoniske verdi.

– Kven i denne saka kan seia imot byantikvaren. No har det kome nye argument på bordet. Dei argumenta som blei brukt om å selgje Fjellheim er ikkje gyldige lenger. Dessuten er det framleis mogleg å selja Fjellheim, sjølv om vi vedtar å verna bygget, meinte Haugland.

– Kven skal ta kostnaden på 10 millionar. Alle andre frivillige lag, som ønskjer å bygga anlegg, må bla opp pengane sjølv og stilla på dugnad. Kom med dei ti millionane så kan vi snakkast, kommenterte Eirik Andre Hesthamar (Frp) til Haugland.

– Må kunna stå for det

Også Trine Lindborg (Ap) tok til ordet for å ikkje omregulera BB2.

– Det at ein fattar eit vedta om at Fjellheim kan rivast før vi har vedtatt vår eigen kulturminneplan er skammeleg. Det er vi i denne salen som skal seia til barn og barnebarn at eg var med på å riva ned Fjellheim. Vi har no to val, gå for dette eller ikkje. No er det på tide at representantane står fram med meiningane sine, appellerte Lindborg.

– Ikkje eit rivingsvedtak

Ho fekk svar frå Gustav Bahus (Frp), som påpeikte at dette var ei omreguleringssak.

– Det er ingen av oss som diskuterer riving eller ikkje riving av Fjellheim. Dette er ei omreguleringssak og den som eventuelt kjøper den står fritt. Det er ikkje snakk om å riva.

– Det er ganske forunderleg at Bahus, med all si fartstid i politikken nyttar det som eit argument. Han veit like godt som mange andre her at blir det omregulert, så blir BB2 merka gult for bustad. Huset er til og med skravert. Det vil seia at det kan rivast, svara Lindborg.

– Ei tragisk saksgang

Fleire av posisjonspolitikarane frå Frp og H freista å argumentera for at Fjellheim ikkje var tidsriktig og at ein vil få ei betre erstatning med det nye bygget (OsUaktiv) som skal komma ved ungdomsskulen. Den argumentasjonen kjøpte ikkje Terje Sperrevik (TvS).

– Denne saka har hatt ein tragisk saksgang. Eg tok med meg Os Inspirerer-flyeren og denne inspirerer ikkje. Innbyggjarane har blitt avvist i høve innbyggjarinitiativ, dei har blitt avvist for formelle klageprosessar. Heldigvis har vi ein fylkesmann som snudde det.

– Eg held meg til at dette er ein reguleringsplan kor ein vil gjera det til bustadområde. Det gjer det molgeg å riva det. Det sanerer moglegheiten til å ha eit kulturhus. Eg blir og forundra over at vi har hatt huset ståande i åtte år, trass ungar som treng plass til å driva aktivitet. Det er trasig at vi har ein Frp/H-bastion som ikkje har ville opna det.

– Her kastar vi millionar vekk på bølgjebrytarar utan økonomisk styring. Vi har eit OHARA utan økonomisk styring, så har vi ikkje midlar til dette. Eg kjem til å fremja eit alternativt vedtak kor vi tek BB2 ut av områdereguleringa.

Vedtaket held seg

Jostein Bondevik (Krf) greip fatt i Sperrevik sine kommentarar om økonomisk styring.

– Eg sat i kommunestyret i 2008, då vi vedtok at Oseana skulle erstatta Fjellheim. Det var ikkje minst ein enorm kamp om finansieringa av Oseana, og det var ingen lett kamp.

– Vi hadde på den tida ein kreativ ordførar som kom opp med ei finansieringsløysing kor Fjellheim var ein heilt vesentleg faktor. Det var den økonomiske styringa vi la for Oseana. Tar vi den vekk, så er vi urederlege i det vi har gjort.

– Då seier vi at vi kan bruka pengane fleire ganger. Sånn kan vi ikkje halda på. Bjørnen blei skoten og skinnet seld den gang då.

– Meiner Bondevik at det at staten ikkje kom med i den kreative finansieringsmodellen for Oseana ikkje spelar inn. Står han framleis ved modellen, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– At ikkje alle delar av modellen ikkje blei som ein ønska gir ikkje grunnlag for å demontera heile modellen. Eg står fast på det, svara Bondevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.