Lokal | 02. apr. 2014

Klar for rikspolitikken igjen

Terje Søviknes samrøystes innstilt til sentralstyret i Fremskrittspartiet.

Klar for rikspolitikken igjen
Terje Søviknes gjer comeback i rikspolitikken om han blir vald på Frp sitt landsmøte 2.-4. mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. apr. 2014 15:08

Valkomiteen i Frp har einstemming innstilt Os-ordførar Terje Søviknes til nytt medlem i partiet sitt sentralstyre.

– Eg er audmjuk i høve at ein samrøystes valkomité har gått for denne innstillinga.

– No er det jo landsstyret som tek avgjerda på møtet 2. - 4. mai, men eg er klar til å ta eit tak, seier Søviknes.

Kommunalt ståsted viktig

Eit viktig poeng for Søviknes er at han med sin ståstad i lokalpolitikken på kommunalt og fylkeskommunalt nivå kan bidra med eitt litt anna utgangspunkt enn fleire av dei andre sentralstyremedlemma.

– Frp er i regjering og mange av dei som sit i sentralstyret sit og i regjeringsapparatet eller på stortinget.

– Fram mot fylkes- og kommunevalet i 2015 vil eg vera med på å setje dei viktige Frp-sakene på kartet, seier Søviknes og peikar på eldreomsorg, kommunesamanslåing, Ja-haldning og eigedomsskatt som viktige tema.

Låg litt i korta

Søviknes blei tidlegare i vinter lansert som ny nestleiarkandidat etter at Per Sandberg signaliserte at han ville gje seg. Sandberg valde etter litt tid i tenkjeboksen å halde fram i vervet.

– Har du visst om at du ville bli innstilt lenge?

– Det har lagt litt i korta, men avklart blei det ikkje før innstillinga frå valkomiteen kom i dag, avslutter Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.