Klar for streik
Meklingsfristen er utset til onsdag 3. juni. - Det var stor streikestemning på møtet tysdag, seier tillitsvalgt i Delta i Os, Åse M. Gjerde.


Striden som kan føra til at Delta-medlemmar kan bli tatt ut i streik handlar om pensjon.
- Medan andre har fokusert på løn har vi forhandla oss fram til gode pensjonsavtalar. Tar den nye pensjonsreformen frå oss desse, så har vi i realiteten mista fleire år med lønsforhandlingar, seier Åse M. Gjerde.
Foreininga sine medlemmar skal etter gamle avtalar få 66 prosent bruttoløn når dei går av med pensjon. Om dei har tent opp pensjon i minst 30 år. No er det blant anna snakk om at oppteningstida for full pensjon skal utvidast.
- Vil rammar arbeidsgjevar meir enn brukarar
Gjerde er tillitsvalgt for Delta i Os. Ho har tatt ut 40 medlemmar til ein eventuell streik.
- Om det blir streik vil vi i første omgang spara brukarane mest mogleg. Derfor har vi førebudd tilsette i administrasjonen, kundetorget, skatt, økonomi, nokre frå biblioteket og to i skulane. Helse og NAV er blant dei som i første runde blir spart, seier Åse.
Meklingsfristen blei utset frå i går til onsdag 3. juni klokka 24.00. Når ikkje Delta gjennom i mekling blir det streik frå morgonen torsdag 4. juni.
- Vi samla dei som er tatt ut til møte tysdag kveld. Streikestemninga var stor, pensjonsavtalane våre er noko vi både bør og vil kjempa for å halda slik dei er!